Vidaregåande opplæring og fagskule

Utdanningsforbundet Vestland er den klart største lærarorganisasjonen i vidaregåande opplæring og fagskule i fylkeskommunen. Med om lag 2300 medlemmar er vi størst enten det dreier seg om lektorar, adjunktar, yrkesfaglærarar, lærarar i vaksenopplæring og fagskular eller rådgivarar.

Vi er seks hovudtillitsvalde og to organisasjonstillitsvalde som står på for dykk i vidaregåande skule og fagskule. Som plasstillitsvald, leiarmedlem eller anna medlem kan du gjerne ta kontakt med oss dersom du ynskjer råd og rettleiing kring lønns- og avtaleverket. Du kan også ta opp saker som gjeld skulepolitiske spørsmål eller andre ting.

Kvifor bli medlem?

Medlemsråd vidaregåande opplæring og fagskule

Mandat for medlemsrådet:
Rolla til medlemmene i rådet skal vere å gje innspel om aktuelle saker som det er viktig at fylkeslaget er merksam på.

Medlemsrådet skal på same tid bidra til å utvikle politikk. Dei kan
og vere ein kanal inn mot sentrale kontaktfora.

I saker som skal handsamast i medlemsrådet vil medlemmene gjennom sin bakgrunn på ulike nivå i organisasjonen bidra med sine innspel
og synspunkt i ulike saker.

Rådet vil på denne måten vere rådgjevande for kontaktpersonane.       Gjennom medlemmene i medlemsrådet, når stemma frå arbeidsplass- og lokallagsstyrenivå til fylkes- og sentralleddet i organisasjonen i mange ulike saker.

Sabine Exner Kontaktperson VGO
Ane Aadland Varakontaktperson
VGO
Linda Solhaug HTV-F
Heidi Sille Stenhaug Knarvik VGS
Gunnhild Vatna
Ersland
Stord VGS
Arnfrid Grasdal Kvinnherad VGS
Hege Beate Hagen Sotra VGS
Terje Seim Haugen Årstad VGS
Live Hyrve Voss VGS
Kjell Arne Kallevik Bergen Private Gymnas
Jorunn Tavares
Kårstad
Firda VGS
Silje Lene Mæland Sandsli VGS
Inger Ane Nødseth Flora VGS