FAS (fagleg og adminstrative støttesystem)

Med omlag 1159 medlemmer er FAS den nest minste og mest samansette medlemsgruppa i Utdanningsforbundet Vestland. Her finnst mellom anna dei som jobbar i pedagogisk-psykologisk teneste (PP-tenesta), statleg spesialpedagogisk støttesystem (Statped), hos Statsforvaltaren, i NAV, ved sjukehus, i barnevernet, i barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat), i kommunal- og fylkeskommunal administrasjon og i HK dir. Dei ulike gruppene er spreidde på ulike tariffområde, med KS, staten og Spekter som dei mest sentrale.

Nettverk FAS 
For medlemsgruppa FAS har fylkesstyret vedtatt at ein skal ta sikte på å dele gruppa i ulike nettverk. På den måten vil kontaktperson og fylkeslaget ivareta eigenarten til områda i medlemsgruppa, og legge til rette for høgare relevans i treffpunkta.

Det er eit mål å legge til rette for gode arenaer for innspel og diskusjon. 
Desse nettverka vil rette seg mot ulike grupper innafor medlemsgruppa og ein har vald å rette fokuset på tillitsvalde i statlege institusjonar, tillitsvalde i Helse Bergen og Helse Førde og tillitsvalde i PPT. 

 

Avbildet: Tore Roth Blokhus
Tore Roth Blokhus

Kontakperson FAS