Sjuk i ferien!

Publisert: 12.06.2024

Me vonar at alle held seg friske og får utnytta ferien godt, men om du blir sjuk når du har ferie så pass på å følgje regelverket til NAV.

Viss du har begynt ferien og blir sjuk, kan du ha rett til å få utsatt ferien.

Dette må du avtale med arbeidsgjevaren din, med ein gong du byrjar i jobb igjen.

Du må ordne med sjukemelding frå lækjar når du blir sjuk, slik at arbeidsgjevar får melding om dette.  Du må få sjukemelding frå der du er, i innlandet eller utlandet.

 

MERK DEG ATT:  NAV - skjema!

Viss ferien blir utsatt, kryssar du - NEI - på spørsmålet om du har hatt ferie.

Blir ikkje ferien utsatt og du har ferie som avtalt, krysser du - JA - på spørsmålet om du har hatt ferie.

 

Viss du som arbeidstakar blir sjuk i ferien:

  • Hvis du blir sjukemeldt i løpet av ferien, kan du kreve feriedagane utsatt allereie frå og med fyrste dag du blei sjuk, inkludert laurdag.
  • Du må dokumentere kravet med legeerklæring, og sette det fram for arbeidsgjevar så raskt som mogleg etter at du har gjenopptatt arbeidet.
  • For å ha rett til ny ferie må du har vore heilt (100 prosent) sjukemeldt.

Viss du som arbeidstakar blir heilt arbeidsufør før ferien:

  • Du kan kreve å få utsatt ferien til seinere i året.
  • Du må dokumentere kravet med legeerklæring, og sette det fram for arbeidsgjevar seinest siste arbeidsdag før ferien.

Retten til å utsette feriedagane gjeld lovbestemt ferie etter ferieloven § 5, normalt 4 ferieveker og éin dag, og éin ekstra veke for alle over 60 år.

Hugs at ferie i utgangspunktet er fritid uten lønn. Hensikten med feriepengar er at dei skal erstatta manglande løn medan du tar ferie.