Høyringsuttale til ein heilskapleg tilbodsstrukturen innan VGO i Vestland fylkeskommune

Publisert: 03.06.2024

Lokallaget har spelt inn vedlagd høyringsuttale vedrørande tilbodsstrukturen innan VGO.

Å spara seg til fant er eit velkjent omgrep. Å bruka ungdommar sitt skuletilbod som sparetiltak er i tillegg kortsiktig, lite pedagogisk – og lite omsorgsfullt. I ei tid der det stadig vert ropt på ein meir praktisk skulekvardag er det også eit paradoks at det er dei praktiske og utøvande faga som først og fremst vert råka når Vestland fylkeskommune skal spara pengar.  

Udf Voss vil på det sterkaste rå til at tilboda ved dei vidaregåande skulane på Voss ikkje vert endra.