Sjekk av lønsslipp

Publisert: 01.11.2024

Det er sannsynleg at vi har tilsette som har feil løn. Det blir stadig avdekt at arbeidstakarar står i feil kode, eller har feil ansiennitet. Hugs at du som arbeidstakar er medansvarleg for at du får rett løn, derfor bør du sjekke lønsslippen din.

Sjekkpunkt #1: Har du rett stillingskode? (Informasjon om mottakar) 

Sjekkpunkt #2: Har du rett ansiennitetsdato? (Siste linje) I tilfelle feil eller usikker; ta kontakt med ATV. 

Sjekkpunkt #3: Månadsløn; har du rett stillingsprosent og årslønn? Lønnstabell KS                                              Fått meir? Hugs at i Sunnfjord kommune har vi eit tillegg ut over garantiløn i både barnehage og grunnskule ved 10 og 16 års ansiennitet. 

Sjekkpunkt #4: Overtidstillegg – har du hatt vikartimar? 

Sjekkpunkt #5: Kompetansetillegg. (APT – alltid på topp) Er all godkjent studiepoeng-gjevande utdanning kome med? Usikker på dette; spør ATV!                

Sjekkpunkt #6: Funksjonstillegg. Til dømes: Kontaktlærar, fagansvarleg. 

NB! Om du har fått lønsauke som resultat av lokale forhandlingar, vil novemberløna bli justert. Du skal òg ha etterbetalt for oktober.