Eit eple til deg

Publisert: 04.10.2024

5. oktober er verdas lærardag. Dagen er ein hyllest til alle lærarar som investerer tid og krefter i barn og unge. Gratulerer med dagen!

UNESCO har erklært 5.oktober som verdas lærardag for å markere og feire framlegginga av ei felles tilråding frå UNESCO og FN sin internasjonale arbeidsorganisasjon (ILO) om lærarane sin status. Tilrådinga beskriv lærarane sine plikter og rettar, og set internasjonale standardar for lærarutdanning, rekruttering, tilsetjing, samt utdannings- og læringsvilkår.  

La oss håpe tilrådinga blir følgt opp! 

Gratulerer med dagen frå oss i lokallagsstyret i Utdanningsforbundet Sunnfjord.