Pedagogisk kafe - leik

Publisert: 03.06.2024

Pedagogisk kafé tysdag 11. juni 2024 Tema: Kvifor er den frie frie leiken så viktig?

Velkommen til Pedagogisk kafé 11. juni 2024, kl. 18.00 på Åtgaum  

Me har samla eit panel som skal ha ein samtale rundt dette, og kanskje også rundt følgjande spørsmål:  

Får barna nok tid til den frie leiken? 

Er kvardagen i barnehage og skule organisert på ein slik måte at det fremmar den frie leiken?  

Eventuelt – Kva hemmar den frie leiken? 

Korleis kan personalet bli flinkare til og formidla til foreldra kor viktig den frie leiken er? 

Når leiken er vaksenstyrt (med læringsmål) korleis påverkar dette motivasjonen til barna? 

I panelet sit: 

*  Kristine Berdal, Utdanningsforbundet Vestland  

*  Ingrid Helen Mjelde PPT 

* John Robert Shek, pedagogisk leiar Nysæter barnehage 

* Hanne Ytredal Clausen, lærar i 1. klasse på Leirvik skule 

Ragnhild Omvik Bratseth, hovudtillitsvalt  i Stord kommune, og Oddrun Røksund, kontaktperson for private barnehagar i Utdanningsforbundet Stord vil leia møtet.    

Utdanningsforbundet Stord ønskjer deg hjarteleg velkommen til eit uformelt, fagleg og sosialt møtestad!  

Bli med i diskusjonen, eller berre kom for å høyre på. Etter samtale og debatt blir det høve til sosialt samvær.  

Møte er ope for alle!