Pedagogisk kafe - korleis behalde tilsette i barnehagelæraryrket?

Publisert: 11.12.2024

Tysdag 21.januar, klokka 18.30 på Åtgaum. Utdanningsforbundet Stord har samla eit panel som skal ha ein samtale rundt dette; I panelet sit: ​ ​Maritha Berger Nylund, lærer på barnehagelærarutdanninga ved HVL​, Patrick Egeland Steinnes, barnehagelærarstudent ved HVL​, Anita Holm Cirotzki, sentralstyremedlem Utdanningsforbundet​

​Velkomen til Pedagogisk kafé tysdag 21.januar 2025, kl. 18.30 på Åtgaum.​
Ei undersøking frå i fjor synte at ein av tre barnehagelærarar ser føre seg å slutte i yrket i løpet av eit til tre år. Berre 10% av barnehagelærarane ser føre seg å jobba i barnehage i meir enn 10 år til. I tillegg er det mange som sluttar alt for tidleg på grunn av belastning og slitasje.​
Korleis er me kommen dit, og kva skal til for å få barnehagelærarar til å bli verande i yrket?​
Kvifor er det så få barnehagelærarar som ser for seg ei lang framtid i yrket? ​
Kvifor så mange blir sjuke, og kva kan ein gjera for å betra situasjonen?​
​Utdanningsforbundet Stord har samla eit panel som skal ha ein samtale rundt dette,.
I panelet sit: ​
​Maritha Berger Nylund, lærer på barnehagelærarutdanninga ved HVL​
Patrick Egeland Steinnes, barnehagelærarstudent ved HVL​
Anita Holm Cirotzki, sentralstyremedlem Utdanningsforbundet​

​Ragnhild Omvik Bratseth, hovudtillitsvald i Stord kommune, og ​
Anette Løklingholm, kontaktperson for private barnehagar i Utdanningsforbundet Stord vil leia møtet. ​

Utdanningsforbundet Stord ønskjer deg hjarteleg velkomen til ein uformell, fagleg og sosial møtestad! ​
Bli med i diskusjonen, eller berre kom for å høyre på. ​
Etter samtale og debatt blir det høve til sosialt samvær. ​
​Møte er ope for alle! 
Sjå mindre