Kvinnehelse og arbeidsliv - medlemsmøte

Publisert: 03.06.2024

Medlemsmøte med Marte Rykkje Halstensen om kvinnehelse og arbeidsliv. Stad og tid: Stord folkehøgskule, tysdag 10.september klokkka 18.00.

"Gjennom mitt forholdsvis korte arbeidsliv har eg fått erfara korleis manglande kunnskap om kvinnehelse
kan føre til utanforskap i arbeidslivet.
På bakgrunn av dette er eg svært oppteken av korleis kvinnehelse påverkar kvardagen og kva dette har å seia for bedrifter og ikkje minst samfunnet vårt. Kvinner har i dag om lag dobbelt så høgt sjukefråvær som menn, og når ein veit at me har for få hender i landet til dei oppgåvene som skal løysast, er det heilt naudsynt at ein både i det offentlege og private har fokus på korleis ein kan halde flest mogleg i arbeid. For å få til dette må bedrifter auka sin kunnskap kring dei helseutfordringane som mange kvinner i arbeidslivet i dag har, slik at ein kan legge til rette og unngå langvarige sjukemeldingar."
Hovudtillitsvald, Jonatan Gniste og lokallagsleiar, Tor Jæger Koppang er mellom dei som som har høyrt foredraget til Marte og anbefaler det på det varmaste. Me vonar at ikkje berre våre kvinnelege medlemmer set av kvelden til foredrag om arbeidsliv og kvinnehelse, dette foredraget er for alle!