Førebels varsel om årsmøte 2025 – Utdanningsforbundet Stord

Publisert: 19.12.2024

Årsmøtet til Utdanningsforbundet Stord vert fredag 25.april, klokka 18.00 på Stord hotell. Innkalling og sakliste vil fylgje i god tid på førehand. Seinast to veker før årsmøtet vil sakliste og dokument som skal handsamast på årsmøtet verta sendt til klubbar og medlemmer. Saker du ynskjer skal handsamast på årsmøtet må meldast til styret seinast 21.02.25. Send til [email protected]  -Foredrag ved Shazia Majid -Vanlege årsmøtesaker - Val - Middag

Førebels varsel om årsmøte 2025 – Utdanningsforbundet Stord

Årsmøtet til Utdanningsforbundet Stord vert fredag 25.april, klokka 18.00 på Stord hotell.

Innkalling og sakliste vil fylgje i god tid på førehand. Seinast to veker før årsmøtet vil sakliste og dokument som skal handsamast på årsmøtet verta sendt til klubbar og medlemmer.

Saker du ynskjer skal handsamast på årsmøtet må meldast til styret seinast 21.02.25. Send til [email protected]

-Vanlege årsmøtesaker
- Val
- Middag

Dette er berre eit førebels varsel om årsmøte. Årsmeldingar, budsjett, framlegg til handlingsplan, innstilling frå valkomiteen, årsmøtefråsegner vil fylgja seinare. Det same gjeld påmelding.

Foredragshaldar før sjølve årsmøtet vert ved Shazia Majid.
Majid (f. 1974) er journalist og kommentator i VG. Ho er dobbelt SKUP-diplom-vinnar og har i ei årrekke vore ei sterk røyst i den offentlege debatten. 
Shazia Majid er mellom anna forfattar av denne flotte kronikken om fellesskulen: Meninger: Den store kunnskapskrisen

Mvh Styret i Utdanningsforbundet Stord 19.12.24