Årsmøte i Utdanningsforbundet Stord vert avvikla fredag 25.04.2025, kl. 18:00 på Stord hotell.
Foredragshaldar før sjølve årsmøtet er Bjørn Olav Tveit frå Kvinnherad. Bjørn Olav er fylkesstyremedlem i Utdanningsforbundet Vestland og leiar av fylkeslaget sitt leiarråd. Han er tidelgare rektor ved Rosendal ungdomsskuleskule og har vore lokallagsleiar i Utdanningsforbundet Kvinnherad. Me set stor pris på at Bjørn Olav vitjar årsmøtet vårt og ser fram til å høyra hans kloke refleksjonar om skule og barnehagesektoren.
Saker:
Konstituering
Årsmelding og rekneskap
Retningslinjer for lokallaget/handlingsplan
Budsjett
Val
Innmelde saker/fråsegner
Frist for innmelding av saker er 21.02.25.
Endeleg sakliste og fullstendige dokument blir sendt ut på e-post til alle medlemmer seinast 14 dagar før årsmøtet. Det same gjeld innstilling frå valnemnda.
Årsmøtet er ope for alle medlemmer, og ein treng ikkje påmelding. Etter møtet blir det servert middag for dei som ynskjer det. Her er det bindande påmelding innan 11.04.25.Påmelding gjer ein digitalt via tilsendt lenkje. Hugs innlogging. Årsmøtemiddagen er ein stor kostnad for lokallaget. Dersom du er meldt på og likevel ikkje kan møte er det viktig at du melder frå til [email protected]