Nytilsett?

Publisert: 02.09.2024

Velkommen som medlem av Utdanningsforbundet Øygarden. Ved oppstart i nytt arbeid er det mykje å passe på og få med seg. Vi i Utdanningsforbundet Øygarden vil gje deg nokre velmeinte råd no i starten.

Løn og ansiennitet

- Syt for at alle vitnemåla dine er levert inn, og at du har fått rett stillingskode og eventuelle lokale tillegg som til dømes, kompetansetillegg, kotaktlærartillegg og pedleiartillegg.

- Få rett ansiennitet. Lever inn attestar og tenestebevis frå all tidlegare teneste. Har du arbeidd i delstidsstilling tidlegare? Har du til dømes arbeidd ein kveld i veka, og kvar tredje laurdag i ein butikk etter fylte 18 år? I så fall er det eit fast forpliktande arbeidsforhold som gjev deg full ansiennitetsopptening.  

Mellombels stilling? 

Kva tilsettingsforhold har du? Er det fast eller mellombels stilling? Hovudregelen er at alle stillingar er faste. Dersom stillinga ikkje er fast må det vere heimla i lov. Dersom du har godkjent utdanning som lærar i skule eller barnehage, finst det berre ein lovheimel for mellombels stilling. Det er vikariat for nokon andre.  

I arbeidskontrakta di skal det komme fram om du er fast eller mellombels tilsett. Dersom du er mellombels tilsett, skal det også komme fram kven du er vikar for. Dersom det ikkje kjem fram kven du er vikar for, er dette mest truleg ei fast stilling. Spør arbeidsplasstillitsvalgt om hjelp