Årsmøtet 2023 blir torsdag, 23.03. kl 18 på Vinjekroa i Åmot.
Årsmøte i Vinje Lokallag
Publisert: 24.01.2023
Årsmøtet 2023 blir torsdag, 23.03. kl 18 på Vinjekroa i Åmot.
Velkomne til årsmøtet for Utdanningsforbundet i Vinje. Denne gong møtast me på Vinjekroa. Det blir god mat og flotte musikalske innslag av altmoglegdama Heidi Kristina Tvitekkja som til dagleg er å finne som ass. verksemdsleiar ved Åmot skule. Frå fylket kjem sjølvaste nestleiar Lars Kristian Af Waale. Så håpar me å få inn mange saker frå dykk.
Frist for å sende inn saker er måndag, 6. mars. Dette er og fristen for påmelding.
Sakspapira blir utsendt seinast 14 dagar før årsmøtet.