Årsmøte Utdanningsforbundet Sauda 2025

13.mars gjennomførte Utdanningsforbundet Sauda sitt årsmøte på Folkets Hus i Nyesalen.

Rundt 40 medlemmer tok turen for å engasjere seg i årsmøtet denne fine marskvelden. Etter at lokallagsleiar hadde ynskja alle velkomen, opna årsmøtet med eit flott kulturelt innslag frå to dyktige jenter frå kulturskulen som sang og spelte gitar. Dei framførte songen "riv i hjertet" av Sondre Justad til full applaus frå salen. 

Deretter framførte Kari Holmøy frå Utdanningsforbundet ein flott appell/helsing frå fylkesstyret og overleverte samstundes ei digital helsing til årsmøtet frå leiaren vår, Geir Røsvoll. 

Årsmøtedirigent, ordstyrar og protokollskrivarar vart valde, og årsmøte kunne starte på sakslista. Alle innmelde saker blei samrøystes vedtatt, det same med val. Styret fekk mandat til å behandle rekneskap då dette ikkje var heilt klart grunna sjukdom i organisasjonen. 

Årsmøtet blei avslutta med sushi og varmbuffet frå nye Sauda Sushi. Det smakte!

Takk til alle frammøtte, og takk til valkomitè og styre for godt arbeid og samarbeid. 

Meir informasjon om saker og vedtak(protokoll) finn du på heimesida. 

 

Mvh Stefan Moen Søfting, lokallagsleiar