Utdanningsforbundet Sauda inviterer medlemmer til føredrag i anledning verdsdagen for psyksisk helse

Publisert: 15.08.2024

I år er det psykolog Johanne Refset som kjem for å fortelje om korleis naturen har vore redningen i "krisene" i livet. Kva seier forskning om natur og psykisk helse? Heng psyke og fysisk form saman, og om ja, på kva vis? Dette bør du få med deg. 

 

I år er det kun 50 billettar og det er påmelding og eventuell avmelding slik at om nokon som har fått billett likevel ikkje kan, så kan andre få sjansen.

I fjor hadde me 15 billettar som var bestilt, men som forblei ubenytta, det er ikkje godt nok. Utdanningsforbundet Sauda ser seg difor nødt til å krevje eit gebyr på 150 kroner på ubenytta billettar. Blir du sjuk på dagen så er det fullt mogleg å ta kontakt med dine kollegaer slik at dei kan benytte seg av billettane. 

Fyrste mann til mølla. E-post og SMS er ikkje godkjent, ein må melde seg på lenka sendt ut på e-post til alle medlemmer.