Tur med historisk særpreg!

Publisert: 18.06.2024

12.juni inviterte Utdanningsforbundet pensjonistane til tur til Etne.

Litt fråfall i siste liten gjorde at det var 13 medlemmer som kasta seg rundt og blei med Suldalsbussen på tur på denne tidlege sumardagen.  
 
Pensjonistrådet hadde lagt opp til eit spanande dagsprogram inkludert lunsj. Blant anna blei deltakarane innvia i multikunstnar Jan Terje Rafdal sitt univers og i «Kattens kriminalprotokoll». Før det hadde forsamlinga invadert ein privat hage for å sjå på elgamle hellerissingar, riktignok med guiden frå det lokale sogelaget. Det heile starta i Stødle kyrkje, opprinneleg Erling Skakke sitt huskapell.
 
Alt i alt ein vellukka sosial tur med historisk preg!  Tusen takk til pensjonistråd og pensjonistkontakt for flott opplegg.