Føredrag med "kapteinen" John Hammersmark

Publisert: 23.10.2024

21.oktober inviterte UDF Sauda medlemmene til føredrag med "kapteinen" i Tysvær kulturhus.

Arrangementet var i regi av Nettverk Nord og i samarbeid med lokallaga Tysvær, Haugesund, Karmøy, Vindafjord, Utsira og Bokn. 

Kaptein Hammersmark kunne fortelje at han var "nedgradert" til kaptein i Kompani Lauritzen til trass for at han i røynda er oberstløytnant av grad. Samt at "oberst" Lauritzen i røynda er korporal:) 

Hammersmark har leia Forsvaret Spesialkommando sine operasjonar i Afghanistan ved fleire høve, blant anna når Taliban tok nærmare 200 gislar på eit hotell i Kabul i 2012. Hammersmark og folka hans frå FSK og allierte afghanske soldatar fekk frigjort 120 - 150 gislar frå sjølvmordsbombarane frå Taliban, etter ildangrep inne på området som vara i over ni timar. Fleire norske sivile var blant gislane. 24 personar blei drepne, men ingen av Hammersmarks menn eller norske sivile. Han har all utdanning du kan ta militært, i tillegg til ein sivil bachelor i leiing. 

Tilhøyrarane i salen fekk eit særs innhaldsrikt og godt føredrag der fokuset var evna til å samarbeide og løfte kvarandre fram i eit fellesskap der alle har sitt individuelle ansvar. Hammersmark understreka at sterk læring skjer utanfor komfortsona, og at ein må tørre å bry seg og gjera ein innsats. Belønninga er mestring som igjen kan føre til ein indre motivasjon. Mestring i lag med andre er sterkare enn mestring åleine og skapar progresjon både i "flokken" og den enkelte. 

Enkelt fortalt, alle som har anledning til å høyre på denne mannen i halvanna time, bør gjera det. Hammersmark anbefalast på det sterkaste. 

Har du ikkje anledning, kan du alltids sjå han på Kompani Lauritzen på TV2 i desse dagar. 

Kjekt å sjå at fleire medlemmer nytta anledninga til å bli med, eg trur kapteinen gjorde turen til Tysvær verdt det.