Årsmøte Utdanningsforbundet Hjelmeland
40 medlemer møtte på årsmøtet i Utdanningsforbundet Hjelmeland då det blei gjennomført 20.3 på Epleriet på Helgøy. Me fekk digital helsing frå leiaren i Utdanningsforbundet, Geir Røsvoll, Rebekka S. Østebrøt gjesta møtet frå fylkeslaget. Sakene og vala vart samrøystes vedtatte, Siren J. Lorvik og Aud Valebjørg blei takka av etter mange år innsats i styret. Ein elev frå grunnskulen spela trompet og piano og kvelden vart avslutta med nydeleg mat frå vertskapet på Epleriet.