Rapport om lokal stipendordning 2024

Vi hadde sett av 30 000 kr til lokale stipend. Dessverre fekk vi berre søknadar til å dele ut 2500 kr. Alle søknadane i 2024 gjekk til medlemmar som ønska å følge webinar på udf.no. Det fine med desse webinara er at ein kan melde seg på og sjå dei i opptak i ein periode etter kursdatoen. Vi fekk fleire positive tilbakemeldingar om kvaliteten på kursa og vi oppfordrar fleire medlemmar til å finne nyttige kurs og foredrag på Utdanningsforbundet sine sider.

Medlemmar frå grunnskule, vidaregåande opplæring, samt PPT og Pedagogisk støtteeining i barnehage nytta tilbodet. Stipenda blei fordelt til å dekke kursavgift på desse kursa:

Tilpasset opplæring for barn med stort læringspotensiale

Hvordan tilrettelegge for elever med dysleksi i klasserommet?" Praktiske tips

Traumeforståelse og traumebevisst tilnærming i bhg og skole

Lekende tilnærming til lesing og skriving

Når matematikk blir vanskelig