Lederkurs

Torsdag 03.04. var 120 leiarmedlemmar i Utdanningsforbundet Møre og Romsdal samla til leiarkurs på Parken hotell i Ålesund.

Leiarråd i fylket ved Marit Lillestøl innleia dagen før Inger Grødem Haraldsen frå sentralstyret i Utdanningsforbundet hadde si læringsøkt om saker for leiarmedlemmar. Ho hadde mange viktige tema oppe til drøfting og refleksjon.
Etter lunsj hadde organisasjonspsykolog Gitte Nesset Midelfart ei klok læringsøkt med konkrete råd og tips til god leiarskap.
Dette vart ein fin dag – takk til alle som deltok.