Endring i samansetning av leiing i lokallagsstyret

Publisert: 28.11.2024

Det vert endringar i samansetning av lokallagsleiinga etter at Anette Korsnes Andersen har levert ein søknad om å tre ut av vervet som lokallagsleiar når ho frå 1.februar 2025 går over i ei ny stilling. Styret har gjort vedtak om ny samansetning av leiing og de kan lese sakspapira her

Frå 01.februar trer lokallagsleiar ut av vervet sitt, men blir sittande som styremedlem ut årsmøteperioda. Styret har gjort vedtak om at nestleiar Kristina T.Moe går inn som lokallagsleiar ut årsmøteperioda. Styremedlem Anita Molvær vert ny nestleiar i samme periode. Valnemnda har starta sitt arbeid med å finne kandidatar til nytt styre gjeldande frå 01.august 2025