Styresaker denne hausten.

Publisert: 23.10.2024

Denne hausten har styret hatt to styremøte. Eit via teams og eit fysisk. Vi har diskutert følgjande saker;

  1. Tid og ressursar. Mangelen på tid og ressursar pregar kvardagen vår både i barnehage og skule. Vi treng meir tid til å samarbeide, dette vil auke kvaliteten og gjere dagane våre betre. 
  2. Lønnsforhandlingar. Denne hausten har det vore lønsforhandlingar både i kapittel 3 og 4. 
  3. Medlemsarrangement. Vi har hatt to medlemsarrangement, eit for pensjonistane på Runde miljøsenter og eit for alle med Roger Finjord på Sjøborg i Ulsteinvik. Begge desse har vore fellesarrangement der vi har samarbeida med fleire av lokallaga rundt oss. 
  4. Julemøte. Det vert julemøte i år også. Kvamsøy er arrangørar, og 27.11.24 kl 18:00 vonar vi at mange tek turen til rådhuset for ei triveleg stund i lag.
  5. Budsjettet for 2025 kjem snart ut, og då ska styret sørge for at det kjem noko til politikarane i Sande på vegne av våre medlem. 
  6. Lokallagstyrekurs. Denne hausten er vi inviterte til lokallagsstyrekurs. Vi ser fram til ei triveleg og lærerik samling i lag med dei andre lokallaga i Møre og Romsdal.