Lokallagstyrekurs i Geiranger

Publisert: 15.11.2024

14.og 15.november var 7 av 9 styremedlem i Utdanningsforbundet Sande på lokallagsstyrekurs i Geiranger.

I lag med over 130 andre, frå alle lokallaga i Møre og Romsdal, så har vi vore på lokallagstyrekurs i Geiranger. 

Charlotte Lunde engasjerte og inspirerte med sitt flotte innlegg om leiken sin plass i barnehage og skule, og dette er ei sak som vi i lokallagsstyret ynskjer å bruke meir tid på i eiga kommune. 

På programmet var det også via tid til mellom anna lærarrolla og laget rundt barnehagebarn og elevar, og partssamarbeid i praksis. Det var også sett av tid til arbeid i eige lokallag.

Det har vore to flotte og lærerike dagar i Geiranger, og alle reise vi heim med faglig og organisatorisk påfyll.