GOD SUMAR

Publisert: 18.06.2024

Årets fyrste sumarmånad er snart over, og det er på tide med velfortente feriedagar. I den anledning vil styret takke for jobben og innsatsen akkurat DU gjer, for barn, elevar og vaksne i kommuna vår.

Takk for engasjement i sakar som gjeld akkurat desse menneska; ein melding, telefon eller samtale med medlem og kollegaer,, lokalpolitikarar, lokallagsleiar, styremedlem, arbeidsplasstillitsvalde, leiarar. Takk for at du bidreg med din fagkunnskap, erfaring og står stolt i di rolle som profesjonsutøvar. Saman er me eit knakande godt lag for barn og unge i Vestre Slidre kommune. 

Så, kjære medlem. Gje deg sjølv ein klapp på skuldra. Du betyr noko for nokon, store som små. Slapp av, lad opp, og NYT SUMAREN! 

Venleg helsing
på vegne av styret 

Ingrid Hambro Haugland
Lokallagsleiar v/ UDF Vestre Slidre