Robotar i klasserommet

Utdanningsforbundet meiner robotar bør bli vurderte på lik linje med andre verktøy og hjelpemidlar som blir marknadsført. Det er behovet til elevane som må vere utgangspunkt for faglege, pedagogiske og etiske vurderingar.

AV1 er ein robot som inneheld eit kamera, ein mikrofon og ein app som gjer det mogleg for elevar å ta litt del i det som skjer på skulen mens dei er borte. Roboten er laga for å gje langtidssjuke barn og ungdomar eit innblikk i skulekvardagen gjennom roboten. Intensjonane er gode.

Det er eit norsk firma, No Isolation, som har utvikla og laga AV1. Samstundes er det ei rekke andre digitale hjelpemidlar med dei same funksjonane som blir brukt i norske klasserom. Vi meiner derfor det er viktig å ta debatten om digitale hjelpemiddel på eit prinsipielt grunnlag.

Vi må vege juridiske, etiske og pedagogiske omsyn opp mot kvarandre. Samstundes må vi vege behova til enkeltelevar opp mot behova til medelevane. Å ha ein robot eller eit digitalt hjelpemiddel som filmar direkte i klasserommet reiser ein del prinsipielle spørsmål. Roboten har vore i bruk i fleire år. Det er ingen tvil om at den kan vere til hjelp. Samstundes må vi bruke den på eit vis som er akseptabel for alle dei andre elevane på skulen.

I utgangspunktet er Utdanningsforbundet oppteken av at nye, digitale hjelpemidlar blir utvikla og tilbydd skular. Den digitale utviklinga påverkar skuler og barnehagar. Derfor er det nødvendig å stille seg open for utviklinga, men og å spørje om dei gode intensjonane er i tråd med samfunnsmandatet til skulen.

Det viktige er at ny teknologi skal tene læringa, utviklinga og danninga til elevane.

Derfor meiner vi at:

  • Denne roboten bør bli vurdert på lik linje med andre verktøy og hjelpemidlar som blir marknadsført. Det er behovet til elevane som må vere utgangspunkt for faglege, pedagogiske og etiske vurderingar.
  • Det er læraren til den enkelte eleven som har det pedagogiske ansvaret for å vurdere om den treng å bli lagt ekstra til rette for, i samarbeid med skuleleiinga og eventuelt PPT.
  • Rektor har ansvaret for enkeltvedtaka, om det er behov for spesialpedagogiske tiltak. Om roboten er eit verktøy skulen skal ta i bruk, må det vere skuleleiinga og skuleeigar som er økonomisk ansvarleg. Dette fordi prinsippet om likskap skal takast i vare.
  • Det kan bli nødvendig å diskutere med føresette om roboten er eit godt sosialt og/eller pedagogisk hjelpemiddel for den enkelte elev – og om hjelpemiddelet er sameint med andre elevars behov.
  • Det er nødvendig å vere i dialog med myndigheitene og brukarane av robotane for å byggje kunnskap og avdekkje eventuelle behov for avklaringar – og desse avklaringane må myndigheitene ta ansvaret for.
  • Det er openbert at denne roboten berre er eitt av mange digitale hjelpemidlar som kan bli brukt i skulen. Debatten om bruken av denne roboten, bør derfor bli sett i lys av den digitale utviklinga elles. Gjennom innføring og bruk av for eksempel mobiltelefonar og IPadar i undervisninga i barnehagar og skuler blir dei same prinsipielle diskusjonane av etisk, pedagogisk, tariffmessig og juridisk karakter aktualisert.

Vurderinga til Datatilsynet

Datatilsynet har greia ut saka om personvern og bruk av AV1 på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet. Datatilsynet er faginstansen til Kunnskapsdepartementet. Svaret vart sendt til Utdanningsdirektoratet 19. mai 2017. Tilsynet konkluderer slik:

Dersom roboten kun brukes som et middel for eleven til å oppleve sosialt samvær med klassen er det holdepunkter i ordlyd og forarbeider for at en slik behandling av personopplysninger gjøres for private formål, og således ikke omfattes av personopplysningsloven. Slik bruk er likevel ikke særlig praktisk så lenge roboten brukes i en klasseroms- eller undervisningssituasjon. Da vil det som regel alltid være et element av opplæringsformål i situasjonen.

At personopplysningsloven kommer til anvendelse betyr at skoleeier må sørge for at kravene i personopplysningsloven oppfylles. Loven stiller blant annet krav om et behandlingsgrunnlag, f.eks. samtykke (jf. personopplysningsloven §§ 8 og 9) og informasjon til de som berøres (jf. personopplysningsloven § 19) mm. Som behandlingsansvarlig har skoleeier dessuten en rekke plikter knyttet til internkontroll og informasjonssikkerhet (jf. personopplysningsloven § 13 og 14). Dersom bruk av roboten innebærer bruk av skoleeiers nett, må skoleeier blant annet ta stilling til hvilken risiko det innebærer å tillate bruk av IKTutstyr på skolens nett som skoleeier ikke selv har kontroll over. Denne vurderingen vil bli tilsvarende som for annet utstyr (pc/mac, nettbrett/iPads, smarttelefoner etc.) som ansatte og elever bruker på skolens nett, og som skoleeier ikke kontrollerer.