Vurdering, eksamen og eksamensordningar i læreplanane. Overordna kommentarar frå Utdanningsforbundet

Utdanningsforbundet har argumentert for at vi ikkje vil lukkast med å innfri intensjonane i fagfornyinga – djupnelæring, verdiløft i alle fag på alle steg, god samanheng i fag og mellom fag og overordna del, og ei opplæring der elevane opplever motivasjon og meistring –dersom ikkje vurderings- og eksamensordningane på ein god måte speglar og støttar opp under desse intensjonane.

Organisering av høyringa

Utdanningsforbundet konstaterer at Utdanningsdirektoratet har utvikla eit gjennomgåande høyringsapparat der høyringsinstansane vert oppmoda om å svare ja, nei eller veit ikkje på konkrete spørsmål, men der det også er mogleg å leggje inn kommentarar til desse konkrete spørsmåla. Ein må krysse av for eit av desse tre svaralternativa, og kan ikkje berre skrive inn ein kommentar.

Utdanningsforbundet har forståing for at direktoratet ønskjer å utvikle ei svarsystem for høyringar som gjer det mogleg å registrere og systematisere svara frå svært mange respondentar. Det er likevel vår vurdering at den løysinga som direktoratet har valt, er konstruert for enkel aggregering der svaralternativa er ja eller nei. Mange høyringar som direktoratet har fått delegert ansvar for, er samansette og komplekse saksområde der det kan vere nyansar og vanskelege dilemma med fordelar og ulemper, og der det i liten grad finst klare og eintydige løysingar, eller som ein kan lese i overordna del: «Kompliserte pedagogiske spørsmål har sjeldan sikre svar».