Utkast til Lov om språk (språklova)

Utdanningsforbundet ser med uro på det som kan likne på svekka språkleg sjølvbilete ved å bruke engelsk i stadig fleire samanhengar, og til generell låg språkleg bevisstheit både i og utanfor offentleg forvaltning.

Generelle kommentarar

Utdanningsforbundet finn det fortenestefullt at Kulturdepartementet har tatt initiativ til ei heilskapleg lov om norsk språk. Vi opplever framlegget som ei klar forbetring i forholdet til dagens mållov og som eit klar utviding av det språklege ansvaret til offentlege styresmakter. Norsk språk har tradisjonelt hatt ein viktig funksjon både som identitetsmarkør og som kulturfaktor. Utdanningsforbundet meiner det er viktig å ta vare på og forsterke begge desse funksjonane i framtida.

Statusen til norsk språk er sett under press. Norsk språk opplever domenetap særleg til engelsk på fleire område, særleg i delar av næringslivet, men også i til dømes høgre utdanning. Samstundes ser vi døme på språkskifte, både frå samisk til norsk og frå nynorsk til bokmål. Utdanningsforbundet meiner at det i denne situasjonen er klart behov for ei tydeleg og forpliktande språklov.