Vi skal prege fagfornyinga

Heile læreplanverket for grunnopplæringa skal fornyast. Vi skal prege prosessen, innhaldet og verknadene.

Norsk grunnopplæring er i endring, fordi fag og læreplanar skal fornyast. Fagfornyinga får konsekvensar for lærar- og leiarrolla og for utøvinga av det faglege og pedagogiske arbeidet i skulen.

Læreplanane er eit politisk styringsreiskap, men realiserast i skulen av lærarane og leiarane. Læreplanane skal, slik Utdanningsforbundet ser det, vere ei god støtte i dagleg arbeid.

Skal vere ein sterk premissleverandør

Som profesjonsorganisasjon ønskjer Utdanningsforbundet å vere ein sterk premissleverandør både for utdanningspolitikk, vilkår for profesjonsutøving og for vidareutvikling av den pedagogiske praksisen.

Vår ambisjon er at vi skal prege på prosessen, innhaldet og verknadane av fagfornyinga. Dette krev brei mobilisering av alle organisasjonsledd slik at vi sikrar profesjonalisering innanfrå og nedanfrå. Utdanningsforbundet vil styrke klubbane og klubbarbeidet ved å arbeide for god dialog og informasjonsflyt overfor medlemmar og tillitsvalde.