Innføringstakt for nye læreplanar

Korleis og når skal dei nye læreplanane innførast i grunnskulen og den vidaregåande skulen?

Dei nye læreplanane skal etter planen fastsetjast hausten 2019. Opplæringsåret 2019/2020 skal skulane bu seg på å ta dei nye læreplanane i bruk.

Fornyinga av læreplanane for fag i grunnskulen og dei gjennomgåande faga i vidaregåande opplæring vil innebere endringar i innhaldet i faga. Det er ikkje vurdert som tenleg at alle årsstega skal ta i bruk dei nye læreplanane samstundes. Det vert ei stegvis innføring.

Opplæringsåret 2020/2021

Dei nye læreplanane vert tekne i bruk på 1.-9. årssteg i grunnskulen og på Vg1 i vidaregåande skule

Opplæringsåret 2021/2022

Dei nye læreplanane vert tekne i bruk på 10. årssteg i grunnskulen og på Vg2 i vidaregåande skule

Opplæringsåret 2022/2023

Dei nye læreplanane vert tekne i bruk på Vg3 i vidaregåande skule