Fornyinga av læreplanverket

Stortinget har vedteke at heile læreplanverket for grunnopplæringa skal fornyast. Kva inneber dette og korleis skal arbeidet gå føre seg?

Dette omfattar generell del som no er erstatta av ny Overordnet del. Verdier og prinsipper for grunnopplæringen. Fornyinga omfattar også prinsipp for opplæringa, læringsplakaten og alle læreplanar for fag i grunnskulen og dei gjennomgåande faga i vidaregåande opplæring.

Stortinget fatta sitt vedtak på bakgrunn av Meld. St. 28 (2015-2016) Fag – Fordypning – Forståelse, som bygde på Ludvigsenutvalet sine to utgreiingar, NOU 2014:7 og NOU 2015:8.

Kunnskapsdepartementet har på bakgrunn av Stortinget si handsaming utarbeidd ein strategi for fagfornyinga fordelt på tre fasar fram mot år 2020. Utdanningsdirektoratet, som har fått delegert det nasjonale ansvaret for gjennomføring av fagfornyinga, har utarbeidd ein  plan for fagfornyinga.

Tre fasar

I den første fasen (2017-2018) skal kjerneelementa i faga utviklast og det skal utarbeidast retningslinjer for det vidare arbeidet. Dette arbeidet legg grunnlaget for den andre fasen (2018-2019), som er utviklinga av læreplanar for fag. Fase tre (2019-2020) er planleggings- og iverksetjingsfasen.

Fase 1 (2017-2018)

Utdanningsdirektoratet har oppretta 15 kjerneelementgrupper som skal kome med framlegg til kva som skal vere kjerneelementa i faga. Stortingsmeldinga har definert kjerneelementa som

...det elevene må lære for å kunne mestre og anvende faget, det mest betydningsfulle faglige innholdet elevene skal arbeide med i opplæringen (…). Fagets kjerneelementer består av sentrale begreper, metoder, tenkemåter, kunnskapsområder og uttrykksformer i faget.

Kjerneelementgruppene skal i tillegg kome med framlegg om korleis verdigrunnlaget og ny overordna del skal integrerast i fag, og på kva måte grunnleggjande dugleik, tre tverrfaglege tema (berekraftig utvikling, demokrati og medborgarskap, folkehelse og livsmeistring ) og djupnelæring skal kome til uttrykk i læreplanane for fag.

Framlegga frå kjerneelementgruppene har vore på to innspelsunder i september og i oktober/november. Dei endelege skissene frå kjerneelementgruppene vert sende på høyring i februar 2018.  

Våren 2018 vil det etablerast læreplangrupper for kvart fag som skal fornyast. Utdanningsforbundet vil fremje framlegg på kandidatar til desse gruppene basert på framlegg frå klubbar, lokallag og fylkeslag.

Fase 2 (2018-2019)

Hausten 2018 skal desse læreplangruppene vere operative. Gruppene skal utarbeide framlegg til læreplanar for fag og skal også utarbeide rettleiingsmateriell til dei ymse faga.

Dei endelege læreplanane vert fastsette av Kunnskapsdepartementet våren/sommaren 2019.

Fase 3 (2019-)

Hausten 2019 skal læreplanverket vere ferdig utvikla. Då har skular, skuleeigarar og lærarutdanningane eit år på seg til å gjere seg kjende med og bu seg til å ta læreplanverket i bruk. Skulane skal ta i bruk dei nye læreplanane skuleåret 2020/2021.

Våre ressurser til arbeid med fagfornyelsen