Sunnhordland: Auke medlemsengasjementet og talet på tillitsvalde i private barnehagar

Meir engasjement - Fleire medlemmer - Fleire tillitsvalde - Tettare kontakt mellom lokallag og tillitsvalde i private barnehagar

Video om forsøket i Sunnhordland

Kvifor dette forsøket?

Andelen private barnehagar i Sunnhordland er stor, 44 av 70 barnehagar er private. Det finst ulike aktørar og ulike tariffområde og det kan vere vanskeleg for små lokallag å skaffe seg god nok kompetanse på ulike private tariffområde.

Også profesjonsmessig kan det vere vanskeleg å kjenne ulike private aktørar godt nok. Dette kan føre til at medlemmene frå private barnehagar ikkje føler seg sett og forstått på samme måte som medlemmer innafor KS. Vanskelegare vert det også å påverke politikken sentralt i Utdanningsforbundet dersom ein ikkje har arenaer for diskusjon lokalt.

Vi ser at det er behov for eit større engasjement og å verve fleire medlemmer i dei private barnehagane i vår region. Me ser også behov for at det kjem tillitsvalde frå private barnehagar inn i lokallaga, gjerne lokallagsstyret, for å nettopp bringe meir kunnskap og kompetanse inn i lokallaga.

Kva går forsøket ut på?

Vi ynskjer å komme tettare på medlemmene våre gjennom å reise ut til den enkelte barnehage. Vi ynskjer å få til nokre klubbesøk eventuelt medlemsmøte i kvar kommune.

I tillegg ynskjer vi å komme tettare på dei tillitsvalde gjennom å møte dei på ATB-møte (møte for arbeidsplasstillitsvalde i barnehagane) eller styremøte i den enkelte kommune. Der dette ikkje finst, ynskjer vi å legge til rette, saman med lokallaget, for å få til slik møteverksemd mellom tillitsvalte frå barnehagane i kommunen.

Korleis vil de organisere forsøket?

Prosjektleiar har tett kontakt med alle lokallagsleiarne gjennom heile forsøksperioden. I tillegg avholdes 2-3 nettverksmøter i halvåret der prosjektet blir diskutert og evaluert. 

Fylkeslaget bidrar med veiledning og bistand underveis. Dei kan og bidra på medlemskveldar, og andre medlemsaktiviteter. Fylkeslaget kan og vere med på de mange barnehagebesøkene som skal gjennomførast. 

I tillegg kan det dukke opp spørsmål og problemstillinger der fylkeslaget er rette instans. 

Kva håper de å oppnå?

Meir engasjement frå medlemmene i private barnehagar, fleire medlemmer, fleire tillitsvalde, tettare kontakt mellom lokallag og dei tillitsvalde frå private barnehagar. Me ynskjer at stemma til desse medlemmene også skal vere med å styre politikken i Utdanningsforbundet lokalt og sentralt. Ivaretaking av medlemmer i private barnehagar skal vera ein naturleg og integrert del av lokallagsarbeidet.

Kontaktperson

Solfrid Furre er styremedlem i lokallaget Stord, styremedlem i fylkeslaget Hordaland og kontaktperson for forsøket i Sunnhordland.

Solfrid Furre

Styremedlem Stord og Hordaland

Hvor?

Sunnhordland (Kvinnherad, Bømlo, Stord, Sveio, Austevoll, Tysnes, Fitjar) i Hordaland fylke.

Innvilget beløp

300 000 kroner

Forsøksperiode

01.08.2018 - 31.07.2019

Evaluering

Ventet høsten 2019

Lokale forsøk

Tipsene på denne siden er basert på lokale forsøk, en ekstraordinær satsing vedtatt av sentralstyret i desember 2017. Alle lokallag i Utdanningsforbundet kunne søke om midler til lokale forsøk i 2018. Av 39 søknader ble 18 innvilget penger.