Skolefrontens solidaritetspris

Prisen gis til personer, organisasjoner eller institusjoner som har bidratt til å fremme nasjonal og internasjonal forståelse og solidaritet, og motvirke utvikling og utbredelse av diskriminerende og rasistiske holdninger.

Søknadsfristen for å sende inn forslag var 1. april 2021.

Om prisen og hvordan du søker 

Skolefrontens solidaritetspris skal fremme og underbygge formålet med Skolefrontens fond om å fremme demokratiske holdninger og verdier som toleranse, menneskeverd, selvstendighet og solidaritet som også dannet basis for lærernes kamp under okkupasjonen i 1940 – 1945.

Prisen gis til personer, organisasjoner eller institusjoner som gjennom arbeid med konkrete prosjekter i skolen, eller med barn og ungdom, har bidratt til å fremme nasjonal og internasjonal forståelse og solidaritet, og motvirke utvikling og utbredelse av diskriminerende og rasistiske holdninger.

Prisens størrelse vil være på minimum 50.000,- kr og fastsettes av styret i Skolefrontens fond. Det utdeles et diplom i sammen med prisbeløpet.

Begrunnede forslag til kandidater for 2021 sendes til:
Skolefrontens Fond, Utdanningsforbundet, Postboks 9191, Grønland, 0134 Oslo.

Har du noen spørsmål i denne forbindelse kan du ta kontakt med Utdanningsforbundet ved Vigdis Sandmo Eriksen på epost: Vigdis.Sandmo.Eriksen@utdanningsforbundet.no

§ 1: Formål

Skolefrontens solidaritetspris skal fremme og underbygge formålet til Skolefrontens Fond. Prisen gis til personer, organisasjoner eller institusjoner som gjennom arbeid med konkrete prosjekter i skolen, eller med barn og ungdom, har bidratt til å fremme nasjonal og internasjonal forståelse og solidaritet, og motvirke utvikling og utbredelse av diskriminerende og rasistiske holdninger.

§ 2: Kandidater

Styret i Skolefrontens Fond kunngjør hvert år en innbydelse til å foreslå kandidater til prisen. Kunngjøringen skal skje før 1. februar i Utdanningsforbundets fagblad Utdanning.

§ 3: Vurdering

Styret i Skolefrontens Fond vurderer de innkomne forslag, samt eventuelle kandidater som fremmes av styrets egne medlemmer. Prisen deles ut i de år styret finner en verdig kandidat.

§ 4: Prisbeløp

Prisbeløpet fastsettes av styret i Skolefrontens Fond og skal være på minimum kr. 50.000,-. Dersom prisen ikke deles ut et år, kan det i det påfølgende år utdeles et høyere beløp. Beløpets størrelse fastsettes også under hensyntagen til avkastningen av fondets midler.

§ 5: Utdeling

Prisen utdeles innen 1. desember i tildelingsåret, til vanlig av fondsstyrets leder. Utdelingen skjer enten i et eget arrangement, eller i tilknytning til et arrangement i Utdanningsforbundet, eller den organisasjon prisvinneren tilhører. Det utdeles et diplom sammen med prisbeløpet.


Då Hitler-Tyskland okkuperte Noreg 9. april 1940, var eit av dei viktigaste måla å gjere Noreg nazistisk slik at landet kunne innlemast i eit framtidige germansk verdsrike.

Den viktigaste strategien for å nå denne målsettinga, var å starte med den oppvaksande slekt, barna og dei unge, og dei som sto for oppdraginga av desse, lærarane.

Då Vidkun Quisling fekk makta, gjekk han og statsråd for folkeopplysing og propaganda, Gulbrand Lunde, i gang med å «omvende» den norske lærarstand. Etter at Quisling vart utnemnd til ministerpresident 1. februar 1942, fekk han lovfesta at alle lærarar skulle bli medlemer av Norges Lærersamband og etterleve dei nazistiske retningslinjene i dette.

Påbodet vart den 20. februar møtt med 10.000 protestbrev frå norske lærarar. Dette medførte at løna vart sperra og mange skolar vart stengde. 

Ein månad seinare, 20. mars 1942, gjekk tyskarane til massearrestasjon av ca. 800 lærarar etter ei tilfeldig og usystematisk utplukking. Dei arresterte vart sende til Grini eller Jørstadmoen, dei frå Trøndelag til Falstad og dei nordnorske til Tromsø eller Kirkenes.

Ultimatumet som vart stilt til lærarane, var innmelding i Lærarsambandet. Men av dei arresterte var det berre 3 som gav etter. Dei arresterte frå Sør-Noreg vart etter kvart samla på Jørstadmoen, der dei var utsett for brutal terror av ulik art. Etter ei tid vart alle innkalla individuelt til kommandanten med krav om innmelding i
Lærarsambandet.

97 prosent nekta og dei som gav etter, gjorde det mest av helsemessige årsaker. Dette medførte ei lang reise, først med tog til Trondheim, og så vidare med båt til Kirkenes under umenneskelege forhold. I Kirkenes vart dei internerte og det venta 6 månader med tvangsarbeid. Då tyskarane etter kvart innsåg at arrestasjon og deportasjon av lærarane var eit feilgrep, vart lærarane sett fri gruppevis ut over hausten 1942.

Motstanden i det norske folk hadde tydeleg blitt stålsett ved lærarane sitt eksempel, og aksjonen fekk stor merksemd ute i verda.

Alt i 1940 hadde lærarane i enkelte kommunar starta opp med å betale inn ein kontingent på 2 prosent av løna til støtte for familiane etter lærarar som hadde falle under krigen.

Etter kvart vart det oppretta eit «illegalt» kontaktnett over heile landet for å samle inn kontingent og formidle hjelp. Kontaktnettet hadde også i oppgåve å spre «illegale» aviser og parolar. 

Etter samarbeidskonflikten våren 1942, vart kontingenten som blei innbetalt, auka til 5 prosent av løna. I tillegg kom det betydelege pengestøtte frå andre, og staten gjennom den norske regjeringa i London gav 3 millionar kroner til lærarfronten og andre «illegane» organisasjonar.

Då krigen slutta, var det ein del pengar igjen i dei «illegale» lærarkassane.

Den 30. juni 1945 samlast ca. 150 av lærarfronten sine kontaktar frå alle delar av landet til landsmøte i Oslo. Der vart det vedtatt at alle midlar frå dei «illegale» lærarkassane skulle samlast til eit fond, Skolefrontens Fond.

Avkastinga av fondet skulle nyttast til:

  • Æresløn til lærarar som hadde blitt sjuke eller fått nedsett arbeidskraft p.g.a. krigen.
  • Æresløn til personar som vart forsørga av lærarar som døydde p.g.a. krigen.
  • Støtte til utdanning til personar etter punkta ovanfor.

Etter kvart som tida gjekk, vart det av naturlege grunnar færre og færre som mottok æresløn. Styret i Skolefrontens Fond vedtok av den grunn i 1982, at ein del av avkastinga kunne nyttast til stipend til utviklingsarbeid som var i tråd med formålet til fondet.

I 2002 vedtok styret å etablere ein pris, Skolefrontens solidaritetspris, som delar av avkastinga skulle kunne nyttast til. Prisen kan tildelast personar, institusjonar eller organisasjonar som gjennom arbeid med konkrete prosjekt i skolen, eller med barn og ungdom bidrar til å fremme nasjonal og internasjonal forståing og solidaritet, og motverkar utvikling og utbreiing av diskriminerande og rasistiske haldningar.


Dokumentaren er tilgjengeleg for kjøp og leige online på http://theteachersprotest.com

Om filmen

Då Hitler-Tyskland okkuperte Noreg 9. april 1940, var eit av dei viktigaste måla å gjere Noreg nazistisk, slik at landet kunne innlemast i eit framtidig germansk verdsrike.
Den beste strategien for å nå denne målsettinga, var å starte med den oppvaksande slekta, barna og dei unge, og dei som sto for oppdraginga av desse, lærarane.

Då Vidkun Quisling fekk makta, gjekk han og statsråd for folkeopplysing og propaganda, Gulbrand Lunde, i gang med å «omvende» den norske lærarstand.
Etter at Quisling vart utnemnd til ministerpresident 1. februar 1942, fekk han lovfesta at alle lærarar skulle bli medlemer av Norges Lærersamband og etterleve dei nazistiske retningslinjene i dette.

Påbodet vart den 20. februar møtt med 10.000 protestbrev frå norske lærarar.
Dette medførte at løna vart sperra og mange skolar vart stengde.
Ein månad seinare, 20. mars 1942, gjekk tyskarane til massearrestasjon av ca. 1000 lærarar etter ei tilfeldig og usystematisk utplukking.
Ultimatumet som vart stilt til lærarane, var innmelding i Lærarsambandet.
Dei arresterte lærarane vart utsette for brutal terror av ulik art. Trass i dette var det berre eit fåtal som av helsemessige årsaker, gav etter for nazistane sine krav.
Dei arresterte vart transporterte til Kirkenes under umenneskelege forhold.
I Kirkenes vart dei internerte og det venta dei eit nedverdigande liv med tortur og tvangsarbeid.

Då tyskarane etter kvart innsåg at arrestasjon og deportasjon av lærarane var eit feilgrep, vart lærarane sett fri gruppevis ut over hausten 1942.

Motstanden i det norske folk hadde tydeleg blitt stålsett ved lærarane sitt eksempel, og aksjonen fekk stor merksemd ute i verda.

Ein av dei som vart fasinert av den utrulege historia om dei norske lærarane sin heroiske kamp mot nazistane, var Jon Seal, ein engelsk lærar og filmskapar. Han såg det som svært viktig å spreie informasjon om den norske læraraksjonen til land utanfor Noreg.
Derfor sette han seg som mål å lage ein film om denne fantastiske historia der målgruppa primært var eit internasjonalt publikum.
Filmprosjektet har blitt realisert ved hjelp av støtte frå mange ulike bidragsytarar.
I tillegg til økonomisk støtte frå lærarorganisasjonshald i England så har Skolefrontens Fond gått inn med bidrag på innpå 200.000,- kr.
I Norge har det vore mange støttespelarar som gjennom eiga erfaring og overført kunnskap om det som skjedde i krigsåra, vore viktige ressurspersonar i arbeidet med filmprosjektet.
Jon Seal har sjølv vore mange turar i Noreg for å kvalitetssikre grunnlaget for filminnhaldet.

I Noreg vart filmen første gang vist i Noreg i Lærernes Hus 25. mars 2019.
For alle som var til stades, var innhaldet og bodskapen i filmen ei sterk oppleving.

Den 27. september 2019 vart filmen presentert i London i eit samarbeid mellom Den Kongelige Norske Ambassade, National Educatiion Union og Gathering Light Films.
Leiar i Utdanningsforbundet, Steffen Handal, og representantar frå Skolefrontens Fond deltok også på dette arrangementet.

Så langt er filmen «The Teachers’ Protest» vist i meir enn 12 ulike land og på fleire festivalar.

Filmen er tilgjengeleg på engelsk, norsk, spansk og fransk og er lagt på nettet gjennom vimeo.

Linken til nettsida som også har linkar til oversetting av filmen er: http://theteachersprotest.com