Unio har signert ny samfunnskontrakt for fleire læreplassar

– Eg er og glad for at regjeringa tidlegare i år ga alle som startar ei vidaregåande opplæring, ein rett til opplæring fram til fullført studie- eller yrkeskompetanse, seier Unio-leiar Ragnhild Lied.

– Å få læreplass er den beste garantien for å fullføre vidaregåande opplæring. Avtalen er difor viktig for å sikre at fleire unge får ei god yrkesutdanning, seier Unio-leiar Ragnhild Lied.

Eit av måla ho er særs glad for i den nye avtalen, er at vi må motarbeide all diskriminering i rekrutteringa av lærlingar. Kor du kjem frå, eller kva for skule du går på, skal ikkje ha noko å seie for sjansane dine til å få læreplass, og dermed få fullføre opplæringa di.

– Eg er og glad for at regjeringa tidlegare i år ga alle som startar ei vidaregåande opplæring, ein rett til opplæring fram til fullført studie- eller yrkeskompetanse, seier Lied.

Dette var eit av dei viktigaste forslaga i Liedutvalet, som leverte innstillinga si i desember 2019 (NOU 2019: 25 Med rett til å mestre).

Hovudmålet i samfunnskontrakten er at alle som er formelt kvalifiserte, skal få tilbod  om læreplass.

– Saman med den utvida retten til fullføring er dette eit langt steg i rett retning. Det skulle berre mangle at ikkje kvalifiserte ungdomar som ønskjer å bli fagarbeidarar, skal få ei reell moglegheit til å fullføre utdanninga si, avsluttar Ragnhild Lied.

Tiltaka

Tiltaka i samfunnskontrakten 2022 – 2026:

  • Styrke det lokale og regionale arbeidet for fleire læreplassar
  • Bidra i arbeidet med å sikre betre dimensjonering av opplæringstilbodet i fylka
  • Bidra til at lærebedrifter får rekruttert lærlingar i næringar og lærefag der det er mangel på lærlingar
  • Motarbeide all diskriminering i rekruttering av lærlingar
  • Opplæringa i skole brukast strategisk for å førebu elevane på læretid og auke moglegheitene for at dei skal få læreplass
  • Arbeide for å starte tidlegare med formidling av søkarar til læreplass
  • Erfaringsdeling og relasjonsbygging mellom skole, opplæringskontor, arbeidsliv, fylkeskommunen og andre sentrale aktørar er ein viktig føresetnad for å lykkast i læreplassformidlinga

Tredje avtalen

For tredje gong har partane saman med utdanningsmyndigheitene samla seg om nokre viktige tiltak for at fleire ungdomar skal få læreplass. Den fyrste avtalen blei signert i 2012, medan den andre avtalen som har gjeldt fram til no, vart signert i 2016. Denne avtalen gjeld fram til 2026.