Iverksetjing av fagfornyinga

Små og store elevar kan glede seg til nye fagplanar til hausten. Foto: Adobestock.

Fagfornyinga blir ikkje stoppa av koronautbrotet. Innføringa blir likevel annleis enn kva planen var.

Publisert 06.05.2020

Kunnskapsminister Guri Melby fortalte i dag at fagfornyinga vil innførast etter sumaren slik planen heile tida har vore. Likevel blir det ikkje heilt på same måten.

Steffen Handal er glad for dei signala Melby no sender.

– Vi er einige med kunnskapsministeren i at fagfornyinga framleis bør starte opp i august, slik planen har vore heile tida.

– Dei fleste har kome langt i arbeidet med fagfornyinga. Sjølv om det er ulikt kor langt man har komen, så har mange lærarar, skolar og skoleeigarar brukt mykje tid å setje seg inn i dei nye læreplanane. Å stanse prosessen no, ville ha vore som å stanse eit tog i fart, seier leiaren i Utdanningsforbundet.

Endra føresetnadar

Den ukontrollerte smittespreiinga av Covid-19, med full stenging av alle skular frå 13. mars, har endra føresetnadane for ein planlagd oppstart. Epidemien har nærast ført til full stans i det som truleg ville ha vore den mest intense perioden for kollektiv planlegging av iverksetjinga av fagfornyinga. Covid-19 vil difor ha konsekvensar for iverksetjinga og for målsetjingar og forventningar, særleg på kort sikt.

Utdanningsforbundet har etter ei samla vurdering støtta iverksetjing av fagfornyinga etter den fastsette tidsplanen, men i form av ein tilpassa oppstart.

– Innføring av reformer i utdanningssystemet er krevjande og vil ta tid. Ei læreplanreform med nye prinsipp og nye intensjonar vil ikkje utløyse ein heilt ny pedagogisk praksis på kort sikt. Ei fornying av faga må ein difor sjå i litt lengre perspektiv, seier Handal.

Meiner utsetjing hadde vore demotiverande

Medlemmar og tillitsvalde i Utdanningsforbundet har vore pådrivarar i arbeidet med fagfornyinga, både i utviklinga av nye læreplanar og i planlegging og gjennomføring. Mange er såleis mentalt budde på ein oppstart i august 2020 og det er ikkje registrert sterke ønske om utsetjing.

– Ei utsetjing vil truleg ha negativ innverknad på motivasjonen for arbeidet, meiner Handal.

Det kan vidare synest som om læremiddelsituasjonen er meir tilfredsstillande ved inngangen til denne læreplanreforma enn den har vore ved tidlegare reformer.

– Dette vil kunne lette overgangen til å ta i bruk nye læreplanar for lærarar.

– Ein utilsikta effekt av Covid-19 er at det, i eit heilt anna omfang, har blitt tatt i bruk nye og utradisjonelle læremiddel, digitale løysingar og metodar, som no kan overførast til ein normalsituasjon. Å ta fatt på nye læreplanar kan vere akkurat det momentet som skal til for at vi kan få varig glede av dette, trur Handal.

Hausten blir annleis

I ein felleskronikk i Dagbladet i dag skriv Guri Melby (kunnskapsminister- og integreringsminister), Steffen Handal (Utdanningsforbundet), Bjørn Arild Gram (KS), Stig Johannesen (Skolelederforbundet) og Rita Helgesen (Norsk Lektorlag) at det er viktig at alle dei som no skal gå i gang med fagfornyinga, ikkje har høge akslar.

«Vi veit at hausten blir annleis. Skolen er på ingen måte uberørd av koronautbrotet, og vil heller ikkje vere det når det nye skoleåret startar. Fagfornyinga held fram som før, men alle dei involverte partane bør vise klokskap og tilpasse arbeidet til den situasjonen vi er i.

Somme har likevel meint at det nye læreplanverket burde bli utsett i eitt år. Det meiner vi er ein dårleg idé. Fagfornyinga er både etterlengta og naudsynt. Vi skal ta tida til hjelp, men ei forseinking på eitt heilt år er det ikkje trong for. Hastverk er lastverk, men det er betre å skunde seg sakte enn å legge alt det viktige arbeidet på is.»

Ønskjer ein «tilpassa oppstart»

Akkurat det siste meiner Handal det er svært viktig å tenkje på når skolen i haust startar med dei nye læreplanane.

– I lys av Covid-19 bør oppstarten av fagfornyinga i august 2020 vere ein «tilpassa oppstart». Nasjonale styresmakter og Utdanningsforbundet bør i fellesskap presentere ein bodskap med nokre forventningar til sektoren i lys av virus-utbrotet, som:

- Justerte forventningar til kva skuleeigarar, skuleleiarar og lærarar kan få til på kort sikt 
- Ei romslegheit for at planlegginga ikkje har vore optimal
- Ein aksept for at lærarar og skuleleiarar vil kunne ha behov for ekstra støtte frå lokale og nasjonale styresmakter
- Partsamarbeidet vert lagt til grunn i den lokale tilpassinga av oppstarten
- Ei tydeleg forventning om at fagfornyinga skal prioriterast i konkurranse med «alle andre viktige saker» og at noko må leggjast til side
- Ei forventning om ekstra planleggingstid og god organisering
- God og tydeleg informasjon til alle partar, også elevar og føresette 

Sitert

Steffen Handal

Leder av Utdanningsforbundet