Innstillinga frå valkomiteen er klar

Portrettbilde av ein smilande Bjørn Wiik, leiar av valkomiteen.
Leiar i valkomiteen, Bjørn Wiik, har i dag lagt fram komiteen si innstilling til kandidatar til Utdanningsforbundet si leiing og sentrale verv. Foto: Tom-Egil Jensen

Her finn du namna på alle valkomiteen meiner skal ha plass i Utdanningsforbundet si leiing og andre sentrale verv.

Publisert 07.10.2019

På Utdanningsforbundet sitt landsmøte i november skal det veljast leiar og nestleiar, sentralstyre, representantskap og kontrollkomité. Valkomiteen si innstilling er basert på ein grundig innspels-prosess i heile organisasjonen.

Demokratisk prosess

– Valkomiteen har lagt vekt på å legge til rette for ei brei deltaking i forslagsfasen. Alle medlemmer kunne kome med forslag på heimesidene i vår og vi fekk inn omlag 140 innspel, seier valkomiteen sin leiar Bjørn Wiik.
I tillegg har alle fylkeslaga komme med innspel på fylkesårsmøta og fylkesstyra har nominert kandidatar i haust. Valkomiteen har sjølve òg nominert kandidatar.
– Det er mange forhold som er vurdert og tatt omsyn til. Vedtektene har klare bestemmingar om kvotering, både kva gjeld kjønn og medlemsgrupper, som må følgast opp. Det har vore viktig å finne kandidatar innanfor heile bredda av medlemsgruppene som har god kompetanse, fastslår Wiik.
Det skal settast saman både eit sentralstyre, eit representantskap og ein kontrollkomité som tek vare på og har kompetanse som alle dei omlag 180.000 medlemmene av Utdanningsforbundet har nytte av.
– Kontinuitet, mangfald, nyrekruttering og erfaringsbakgrunn har vore viktig for valkomiteen i vår innstilling, seier Wiik.

Leiinga stiller til attval

Dagens noverande leiing, med Steffen Handal som leiar og Terje Skyvulstad og Hege Valås som nestleiarar, blir alle tre innstilte til attval.
Under konstitueringssaka på landsmøtet til Utdanningsforbundet i november skal det avgjerast om det skal vere ein eller to nestleiarar i SST. Derfor er det laga ei liste med to nestleiarar og ei liste med ein nestleiar. I lista med ein nestleiar er det lagt opp til at Hege Valås blir nestleiar og at Terje Skyvulstad går ut. I den andre lista er Terje Skyvulstad foreslått som 1.nestleiar og Hege Valås er lansert som 2.nestleiar.

Kandidatar til sentralstyret

Sentralstyret er Utdanningsforbundet si øvste utøvande styremakt, og leier den politiske verksemda i organisasjonen i landsmøteperioden. Sentralstyret skal ha 13 representantar – mellom anna leiar og ein eller to nestleiarar. I tillegg vel ein tre møtande vararepresentantar. Du finn ei presentasjon av alle kandidatane her.
Slik ser dei to alternative listene til sentralstyret ut:

Sentralstyret - to nestleiarar

  Funksjon Namn Medlemsgruppe Frå Alder
1 Leiar Steffen Handal Grunnskule Oslo 50
2 1. nestleiar Terje Skyvulstad Vidaregåande Viken 62
3 2. nestleiar Hege Valås Barnehage Trøndelag 52
4 SST repr Tormod Korpås Vidaregåande - leiar Viken 51
5 SST repr Thom Jambak Vidaregåande Viken 50
6 SST repr Siri Skjæveland Lode Grunnskule Rogaland 57
7 SST repr Turid Buan Øfsti Grunnskule - leiar Trøndelag 52
8 SST repr Simon Malkenes Grunnskule Sogn og Fjordane (Vestland) 46
9 SST repr Marit Himle Pedersen Grunnskule Hordaland (Vestland) 48
10 SST repr Inger Grødem Haraldsen Barnehage - leiar Rogaland 55
11 SST repr Ann Mari Milo Lorentzen Barnehage Troms (Troms og Finnmark) 36
12 SST repr Jan Morten Loftesnes UH Sogn og Fjordane (Vestland) 58
13 SST repr Ida Næss Hjetland FAS Oslo 35
1 Møtande vara Irene Salthe Grunnskule Rogaland 47
2 Møtande vara Royne Kristoffer Berget Barnehage - leiar Viken 48
3 Møtande vara Terje Vilno Vidaregåande Oslo 51
1 Ikkje møtande vara Hanne Fehn Dahle UH Innlandet 44
2 Ikkje møtande vara Trygve Svenning Grunnskule Nordland 50
3 Ikkje møtande vara Hege Sletvold Slørdahl Barnehage Trøndelag 46
4 Ikkje møtande vara Anne Yun Rygh Vidaregåande Vestfold og Telemark 49
5 Ikkje møtande vara Eirik Bäcklund FAS Oslo 54

Sentralstyret - ein nestleiar

  Funksjon Namn Medlemsgruppe Frå Alder
1 Leiar Steffen Handal Grunnskule Oslo 50
2 Nestleiar Hege Valås Barnehage Trøndelag 52
3 SST repr Tormod Korpås Vidaregåande - leiar Viken 51
4 SST repr Thom Jambak Vidaregåande Viken 50
5 SST repr Anne Yun Rygh Vidaregåande Vestfold og Telemark 49
6 SST repr Siri Skjæveland Lode Grunnskule Rogaland 57
7 SST repr Turid Buan Øfsti Grunnskule - leiar Trøndelag 52
8 SST repr Simon Malkenes Grunnskule Sogn og Fjordane (Vestland) 46
9 SST repr Marit Himle Pedersen Grunnskule Hordaland (Vestland) 48
10 SST repr Inger Grødem Haraldsen Barnehage - leiar Rogaland 55
11 SST repr Ann Mari Milo Lorentzen Barnehage Troms (Troms og Finnmark) 36
12 SST repr Jan Morten Loftesnes UH Sogn og Fjordane (Vestland) 58
13 SST repr Ida Næss Hjetland FAS Oslo 35
1 Møtande vara Irene Salthe Grunnskule Rogaland 47
2 Møtande vara Royne Kristoffer Berget Barnehage - leiar Viken 48
3 Møtande vara Terje Vilno Vidaregåande Oslo 51
1 Ikkje møtande vara Hanne Fehn Dahle UH Innlandet 44
2 Ikkje møtande vara Trygve Svenning Grunnskule Nordland 50
3 Ikkje møtande vara Hege Sletvold Slørdahl Barnehage Trøndelag 46
4 Ikkje møtande vara Terje Lerberg Vidaregåande Innlandet 52
5 Ikkje møtande vara Eirik Bäcklund FAS Oslo 54

 

Representantskapet

Representantskapet handsamar årsmelding og årsregnskap frå sentralstyret, saker som gjeld fordeling av midlar og saker av overordna og prinsipiell karakter. Representantskapet møtest minst to gonger i året, og er sett saman av sentralstyret, fylkesleiarar og andre representantar som ein vel på landsmøtet. Samansettinga av representantskapet skal vedtakast på landsmøtet.
– Samansettinga av representantskapet har vore utfordrande sett i ljos av regionreforma. 19 fylkeslag blir redusert til 11, samstundes som ein held ved lag det totale talet på representantar frå fylkeslaga. Vi har innstilt etter sentralstyret sitt forslag til organisering etter reforma, eit forslag som ikkje gir eit eksakt tal på medlemmer frå de ulike fylkeslaga. Alle laga er garantert minst tre representantar inkludert fylkesleiar, seier Wiik.
Valkomiteen innstiller òg på at UH og FAS får tre plassar kvar i representantskapet, mot tidlegare to plassar kvar. Dette er ei styrking av dei to minste medlemsgruppene.
Innstillinga til kandidatar til representantskapet 

Kontrollkomiteen

Kontrollkomiteen skal sjå til at sentralstyret og fondsstyret forvaltar Utdanningsforbundet sine midlar i samsvar med vedtekter og landsmøtevedtak. Kontrollkomiteen er sett saman av fem medlemmer og to varamedlemmer. Det er foreslått endring i vedtektene for å auke talet på varamedlemmer frå to til fem.
Innstillinga til kandidatar til kontrollkomiteen

Einstemmig innstilling

Leiaren for valkomiteen er nøgd med at ein langvarig og grundig prosess no går mot slutten.
– Det har vore eit intensivt arbeid, som starta i september 2018. Det er ein einstemmig innstilling som vi vonar landsmøtet sluttar seg til. Det er mange omsyn som skal takast, og tilsynelatande små endringar kan få følgjekonsekvensar for andre deler av «kabalen», avsluttar Wiik.