Utviklar bransjeprogram for å redusere sjukefråvær i barnehagar

Dame i barnehage hjelper liten gutt med vinterdressen. Begge sitter på gulvet i garderoben.
Uheldige løft og arbeidsstillingar kan vere årsak til sjukefråvær i barnehagane. Partane skal nå utvikle eit program for å redusere sjukefråværet og få folk til å stå lenger i jobb. Foto: Tom Egil Jensen

Utdanningsforbundet er med når partane nå er i gang med å utvikle det nye bransjeprogrammet for barnehagar i IA-avtala for å redusere sjukefråvær og få folk til å stå lenger i jobb.

Publisert 01.10.2019

– Sjukefråværet i barnehagane har over tid vore alt for høgt. Derfor er det positivt at partane nå har sete seg saman for å finne gode tiltak som kan redusere fråværet. Her er det viktig at alle partane blir lytta til, og at dei som kjenner kor skoen trykker får vere med på arbeidet, seier Hege Valås, nestleiar i Utdanningsforbundet. Ho sit i styringsgruppa på vegner av forbundet. Ho kan fortelje om eit stort engasjement for arbeidet.

Les meir om IA-avtala

Føremålet med IA-avtala er at ho skal skape eit arbeidsliv med plass til alle gjennom å forebygge og redusere sjukefråvær, og på den måten bidra til å auke sysselsettinga. Dei overordna måla med avtala er å redusere sjukefråværsprosenten med 10 prosent samanlikna med årsgjennomsnittet for 2018, samt å få folk til å stå lenger i jobb før dei forlèt arbeidslivet.

Arbeidsplassen er hovudarena

For å støtte opp under desse måla skal innsatsen rettast mot bransjar og sektorar som har potensiale for å redusere sjukefråvær og få folk til å stå lenger i jobb. Barnehage er ein av desse bransjane.

Les meir om bransjeprogrammet

– Vi er glade for at barnehage vart vald ut. Det er knytt store ressursar til programma og dette er noko vi ønskjer å prioritere. Det som blir viktig framover er å sjå på den enkelte arbeidsplass sine utfordringar og sette inn tiltak på bakgrunn av det. Arbeidsplassen skal vere hovudarenaen for arbeidet og skal involvere både verneombod, tillitsvalde og leiarar, understrekar Valås.

Fleire utfordringar

Utfordringane er samansette og ulike frå barnehage til barnehage, men vi veit at dei vanlegaste utfordringane er knytt til høge emosjonelle krav, motstridande krav, uheldige løft og arbeidsstillingar, det å ivareta utagerande barn, støy, smitte og hygiene.

Arbeidsplassen skal vere hovudarenaen for arbeidet og skal involvere både verneombod, tillitsvalde og leiarar. Hege Valås

Arbeidet med å redusere sjukefråværet skal rettast mot fleire innsatsområde. Førebyggande arbeidsmiljøarbeid er eit av desse. Det skal vere kunnskapsbasert og retta mot reelle behov på den enkelte arbeidsplass.

– Eit av måla er å styrke partssamarbeidet om førebyggande arbeidsmiljøarbeid lokalt og partane skal bidra til at dei får tilgang til god kunnskapsbasert støtte i arbeidet, seier Valås.

Samtidig skal partane jobbe mot lange og/eller hyppig gjentakande sjukefråvær, og innsatsen skal vere kunnskapsbasert. Langtidssjukefråværet utgjer den største delen av sjukefråværet og aukar risikoen for varig fråfall frå arbeidslivet.

I bransjeprogrammet deltek alle aktuelle partar i arbeidslivet. I 2019 er det satt av 60 mill. kr, og i 2020-2022 er det satt av 80 mill. kr per år, og programmet skal følgjeforskast.

Søker prosjektleiar

Det er lyst ut ei stilling som prosjektleiar for IA bransjeprogram barnehage. Styringsgruppa for dette programmet vil gjerne komme i kontakt med personar som har god prosjektkompetanse, kunnskap om partssamarbeid, arbeidsmiljø/sjukefråvær og barnehage. Fristen for å søke er 7. oktober. Les heile stillingsannonsen her.

Sitert

Hege Valås

2. nestleder