Tid for eit klimapolitisk taktskifte

Portrett av en smilende Steffen Handal med en bakgrunn av høstfarget løv
Landsmøtet til Utdanningsforbundet vedtok aktuell sak om korleis vi som fagrørsle skal handsame klimakrisa. Foto: Tom-Egil Jensen

– No skal vi trappe opp klimaarbeidet vårt. Vi skal ta leiinga både som lærarar og tillitsvalde, seier Steffen Handal.

Publisert 07.11.2019

Landsmøtet vedtok torsdag at Utdanningsforbundet skal bli meir offensive i klimaarbeidet.

– Aktuell saka i år handlar ikkje berre om klimakrisa, men og om omstillinga til eit berekraftig samfunn – noko som er ei stor og omfattande utfordring. Og vi må gjere vårt, seier Utdanningsforbundet sin leiar Steffen Handal.

Det er tradisjon for Utdanningsforbundet å vedta ei aktuell sak på landsmøtet. I 2015 var det ei sak om solidaritet med flyktningane. I år blei det altså om klima og eit berekraftig samfunn.

Det siste året har vi fått nye og urovekkande rapportar frå FN sitt klimapanel og FN sitt naturpanel, vi opplever i større grad dei konkrete konsekvensane av klimaendringar, som ekstremvêr. Samstundes har klimastreikande ungdom, med Greta Thunberg i spissen, skapt ein bevegelse med millionar av deltakarar verda over. Dei har lukkast med å framheve kor mykje det hastar med å sette i verk tiltak for å redusere klimagassutsleppa.
Klimasaka skapte eit stort engasjement i landsmøtesalen, der mange delegatar tok til orde for å spissa forbundet sin politikk og gjere langt meir enn tidlegare.

På tide med eit taktskifte

Utdanningsforbundet har hatt ein politikk for klima-, miljø- og berekraftspørsmål sidan landsmøtet i 2009. Og Handal viste til nokre eksemplar på at Utdanningsforbundet allereie gjer ein del på klima:

  • Vi jobbar for at politikarane skal prioritere utdanning i klimaarbeidet.
  • Vi jobbar for at hovudavtalen i KS skal seie at klima- og miljøtiltak må vere ein del av partssamarbeidet.
  • Vi jobbar med at streikefondet vårt skal investere på ein måte som tek omsyn til klima, miljø og sosiale rettar.

– Klimaspørsmåla har vore viktige, men dei har likevel ikkje stått sentralt i Utdanningsforbundet sitt arbeid. Men no har det vakse fram ei erkjenning hjå medlemmar og tillitsvalde, om at forbundet og fagrørsla elles må vere langt meir aktive i arbeidet med klimakrisa. No er det på tide med eit taktskifte. Vi må gjere meir enn vi har gjort til no, seier Handal.

Tre innsatsområde

Klimarbeidet må trappast opp innanfor tre område som Utdanningforbundet allereie jobbar med:

UTDANNING: Som ein profesjonsorganisasjon for lærarar jobbar Utdanningsforbundet med utdanning, og med korleis lærarprofesjonen kan bidra til berekraftig utvikling.
ARBEIDSLIV: Som fagforeining og samfunnsaktør jobbar forbundet for at partssamarbeid og arbeidslivspolitikk kan bidra til ei berekraftig utvikling, og at det blir gjennomført klima- og miljøtiltak på arbeidsplassen.
EIGEN ORGANISASJON: Og som ein stor organisasjon med mange tilsette og mange tillitsvalde, jobbar Utdanningsforbundet for at eigen organisasjon skal driftast med minst mogeleg karbonavtrykk.

Fagrørsla er viktig

– Kampen mot klimaendringar må først og fremst førast kollektivt. Fagrørsla har medverka til store samfunnsendringar gjennom kollektive ordningar og med solidaritet som ein grunnleggande verdi. Vi vil derfor ha ei viktig rolle i dette arbeidet, seier Handal og legger til ;

– Utdanningsforbundet må gripe moglegheita til å påverke samfunnsutviklinga, og å bidra til ei rettvis omstilling til eit berekraftig samfunn. Vi må ha mot og tru på at vi kan vere leiande i dette arbeidet.

Utdanningsforbundet ønsker med vedtaket i aktuell saka å intensivere arbeidet med berekraftig utvikling generelt, og klima spesielt, i den komande landsmøteperioden frå 2020 til 2023.

Klimarekneskap

– Vi er førebels ikkje heilt sikre på kva konkrete tiltak medlemmane våre vil vere best tent med. Derfor ønsker vi ein brei prosess det komande året – og vi foreslår at sentralstyret skal legge fram ein ny og meir ambisiøs handlingsplan for representantskapet i februar 2021.
I dag har Utdanningsforbundet ei for mangelfull rapportering for klimagassutslepp til at vi har eit godt klimarekneskap, så å få laga eit slikt rekneskap for heile organisasjonen må bli eit første steg. Deretter kan organisasjonen vurdere om vi skal sette eit konkret mål for utsleppsreduksjonar.

– Dersom vi skal lykkast med å lage ein betre og meire handlingsorientert politikk, må heile organisasjonen med. Alle ledd må vere klare for å jobbe meir aktivt med klima og berekraft, avsluttar Handal.

Slik blei vedtaket:

Utdanningsforbundet skal trappe opp arbeidet med klima og berekraftig utvikling. Det skal gjennomførast ein brei prosess i organisasjonen for å utvikle ny politikk og praksis. Saman med resten av fagrørsla skal vi bruke trepartssamarbeidet til å arbeide for ei berekraftig omstilling av samfunnet, med rettferdig fordeling av goder og byrder. Ein ny handlingsplan for klima og berekraftig utvikling skal handsamast av representantskapet på første møtet i 2021. Denne skal innehalde konkrete mål og tiltak som skal gjennomførast i eigen organisasjon, gjennom trepartssamarbeidet og gjennom arbeidet vårt som profesjon.

 

Klima var òg ein sentral del av tala Steffen Handal ga til landsmøtet på måndag 

Les om Klimaprisen som òg blei delt ut på Utdanningsforbundet sitt landsmøte.

I podkasten Lærerrommets episode 23 er tema klima og berekraft. Gjestane er lærar Line Anfinsen, elev Selma Flo-Munch og klimajournalist Ole Mathismoen. Høyr podkasten her:

Episode 23: Klima og bærekraft

 

Sitert

Steffen Handal

Leder av Utdanningsforbundet