Vil ha klimaoffensiv

Korleis skal vi som fagrørsle handsame klimakrisa? Det er tema for årets aktuelle sak til landsmøtet i neste veke. Foto: Stig Weston

Årets aktuelle sak på landsmøtet handlar om klima og omstilling til eit berekraftig samfunn. – Vi høyrer ungdomen sitt rop om handling og vi må gjere vårt, seier Utdanningsforbundets leiar Steffen Handal.

Publisert 30.10.2019

Det er tradisjon for Utdanningsforbundet å vedta ei aktuell sak på landsmøtet. I 2015 var det ei sak om solidaritet med flyktningane. Til landsmøtet i neste veke ligg det eit forslag til ei sak om klimakrisa og omstilling til eit berekraftig samfunn.

På tide med eit taktskifte

Det siste året har vi fått nye og urovekkande rapportar frå FNs klimapanel og FNs naturpanel, vi opplever i større grad dei konkrete konsekvensane av klimaendringar, som ekstrem-ver. Samtidig har klimastreikande ungdom, med Greta Thunberg i spissen, skapt ein bevegelse med millionar av deltakarar verda over, og dei har lukkast med å framheve kor mykje det hastar med å sette i verk tiltak for å redusere klimagassutsleppa.

– No er det på tide med eit taktskifte og fagforeiningane må lede an, seier Handal.

Utdanningsforbundet har hatt ein politikk for klima-, miljø- og berekraftspørsmål sidan landsmøtet i 2009. Desse spørsmåla har vore viktige, men dei har likevel ikkje stått sentralt i Utdanningsforbundet sitt arbeid. Men no har det vakse fram ei erkjenning hos medlemmar og tillitsvalde, av at Utdanningsforbundet og fagrørsla elles må vere langt meir aktive i arbeidet med klimakrisa.

Utdanningsforbundet må gripe moglegheita til å påverke samfunnsutviklinga, og bidra til ei rettferdig omstilling til eit berekraftig samfunn. Vi må ha mot og tru på at vi kan vere leiande i arbeidet.Steffen Handal

Utdanningsforbundet ønsker å intensivere arbeidet med berekraftig utvikling generelt, og klima spesielt, i den komande landsmøteperioden frå 2020 til 2023. I forslaget til aktuell sak meiner ein at arbeidet med politikkutvikling bør starte opp tidleg i 2020, og at det skal leggast fram eit forslag til ein ny og ambisiøs handlingsplan for klima og berekraftig utvikling for representantskapet våren 2021.

Fagrørsla er viktig

Omgrepet berekraftig utvikling fekk eit gjennombrot da FN-rapporten "Vår felles framtid" frå Brundtland-kommisjonen kom i 1987. Det blei vist til at omgrepet har tre dimensjonar – miljø, sosiale spørsmål og økonomi – og at det er samanhengen mellom desse tre dimensjonane som avgjer om noko er berekraftig. Fagrørsla har eit ansvar for å bidra til omstilling.

– Kampen mot klimaendringar må først og fremst førast kollektivt. Fagrørsla har bidratt til store samfunnsendringar gjennom kollektive ordningar og med solidaritet som ein grunnleggande verdi. Vi vil derfor ha ei viktig rolle i dette arbeidet, seier Handal.

Eit taktskifte innan tre innsatsområde

Som ein profesjonsorganisasjon for lærarar jobbar Utdanningsforbundet med utdanning, og med korleis lærarprofesjonen kan bidra til berekraftig utvikling. Som fagforeining og samfunnsaktør jobbar forbundet for at partssamarbeid og arbeidslivspolitikk kan bidra til ei berekraftig utvikling, og at det blir gjennomført klima- og miljøtiltak på arbeidsplassen. Og som ein stor organisasjon med mange tilsette og mange tillitsvalde, jobbar Utdanningsforbundet for at eigen organisasjon skal driftast med minst mogeleg karbonavtrykk.

Utdanning for berekraftig utvikling

For å auke lærarprofesjonen sin kunnskap om både klimakrisa og klimaløysingar, og styrke lærarane sine evner og moglegheiter til tverrfagleg arbeid, er lærarutdanninga, samt etter- og vidareutdanning viktig.

– Lærarutdannarar må også få nødvendig etter- og vidareutdanning for at utdanningssektoren som heilheit skal bli i stand til å løyse oppgåvene sine, meiner Handal.

Eigen organisasjon

– Foreløpig har Utdanningsforbundet ei for mangelfull rapportering for klimagassutslepp til at vi har eit godt klimarekneskap, så å få laga eit slikt rekneskap for heile organisasjonen må bli eit første steg. Deretter kan organisasjonen vurdere om vi skal sette eit konkret mål for utsleppsreduksjonar. Ein ny reisepolitikk skal utarbeidast, og Utdanningsforbundet ønsker å auke bruken av videomøte, avsluttar Handal.

Les heile forslaget til Aktuell sak her

Aktuell sak kjem opp på landsmøtet onsdag 6.november.

I podkasten Lærerrommets episode 23 er tema klima og berekraft. Gjestane er lærar Line Anfinsen, elev Selma Flo-Munch og klimajournalist Ole Mathismoen. Høyr direkte her: 

Episode 23: Klima og bærekraft

Sitert

Steffen Handal

Leder av Utdanningsforbundet