Blogg fra Genèveskolen 2017

Deltakarane på Genèveskolen 2017.
Deltakarane på Genèveskolen 2017. Magnhild Hoddevik nummer fem fra venstre. Foto: Peter Waldorff

I denne bloggen vil Magnhild Hoddevik (46) prøve å formidle noko av det deltakarane lærer på knappe tre veker på Genèveskolen, eit nordisk fagforeningssamarbeid knytt til FN sin arbeidskonferanse i Genève.

Eg heiter Magnhild Hoddevik, er 46 år gammal og for tida nestleiar i Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane. Genèveskolen er eit nordisk fagforeningssamarbeid knytt til FN sin arbeidskonferanse i Genève. I denne bloggen vil eg prøve å formidle noko av det vi lærer på desse knappe tre vekene, og håpar det er av interesse for både medlemmer og andre.

2. juni: Den nordiske folkehøgskolen i Genève

Skulen vart grunnlagt i 1931, og er eit tilbod til tillitsvalde i dei nordiske landa. Skulen er bygd opp rundt ILO sin årlege konferanse i Genève, elevane på skulen følgjer denne og har i tillegg eigne forelesingar. Vi vert også delte inn i grupper, som skriv kvar sin rapport om eit tema frå konferansen.

Skulen vart starta for å gje andre enn akademikarar høve til å skaffe seg innsikt i internasjonal politikk og spørsmål rundt dette. Dei skandinaviske representantane i Folkeforbundet og ILO hadde behov for å forankre arbeidet sitt i folket. Medlemmer av ulike folkelege og fagleg-politiske organisasjonar fekk difor tilbod om å delta på denne opplæringa. Fordi Norsk Lærarlag (som var ein av forløparane til Utdanningsforbundet) var med på å starte opp skulen, har Utdanningsforbundet ein fast elevplass kvart år.

Føremålet med Genèveskolen er no som då å auke kunnskapane om ILO og andre internasjonale organisasjonar, om internasjonalt samarbeid og reguleringar. I tillegg ynskjer ein å skape eit nordisk samarbeid, og fremje språkforståinga mellom landa. Ein bruker difor svensk, dansk og norsk munnleg på skulen, sjølv om mykje av det som skal lesast er på engelsk.

Talet på deltakarar varierer, mellom anna etter skulen sin økonomi. Dette året er det 28 deltakarar, fordelt på Sverige (10), Noreg (8), Danmark (4), Finland (2) og Island (2). Fem av dei norske deltakarane høyrer til LO, to kjem frå Delta/YS, og underteikna er altså i Utdanningsforbundet. Det er ein rektor og ein lærar ved skulen. I år er Peter Waldorff (Danmark) rektor, og Anne Devig (Noreg) er lærar.

Som førebuing til kurset i Genève i juni hadde vi ei fire dagar lang oppstartssamling på Runö ved Stockholm, i månadsskiftet mars/april. Her bestemte vi m.a. kva for komitè vi skal følgje på ILO-konferansen (og altså kva tema vi skal ha for rapporten), og vi fekk ei første innføring i ILO og organisasjonen sitt arbeid. I etterkant av dette har dei ulike gruppene også levert kvar si oppgåve om aktuelle konvensjonar og rekommandasjonar som er tilknytte dei emna vi skal studere vidare i Genève.

I tillegg til fagleg utvikling legg ein òg vekt på språkleg og kulturell utveksling mellom dei nordiske landa. Som nemnt vil ein i størst mogleg grad bruke skandinaviske språk i skrift og tale. Dessutan bur deltakarane på dobbeltrom under opphaldet i Sveits, med ein deltakar frå eit av dei andre landa.

8. juni: Den vesle byen ved den store sjøen

”Location, location, location!” Dette var Susan si forklaring på kvifor det hadde vakse fram ein by akkurat her, ”in the middle of nowhere”, som ho sa.

Den første laurdagen nytta vi til å sjå oss om i Genève, og Susan (bildet) var guiden vår. Den pensjonerte læraren var ein sprudlande og entusiastisk vegvisar, og vi hadde ei lærerik stund saman med henne.

Byen var grunnlagt i romartida, og var lenge ein liten bystat med to vollgraver rundt. På utsida var det ein bastion, for å gjere forsvaret komplett. Kompetanse på murbygging henta dei frå Holland - innbyggarane i Genève har alltid visst å skaffe seg gode allierte. Etter kvart som det vart rolegare tider i Europa, vaks byen ut over dei gamle grensene sine. Sidan 1815 har Genève vore ein kanton i Sveits.

Når naturressursane er knappe og plassen er liten, må ein i staden utnytte dei menneskelege ressursane. Handel og mikroindustri vart løysinga, og dette pregar framleis både byen og landet. Det vert framleis produsert klokker og annan finmekanikk her, noko som vi har nytte av t.d. når vi er hos tannlegen. At det ikkje følgjer utslepp med industrien i byen, er ei viktig årsak til at Genèvesjøen er relativt rein.

Det bur om lag 200 000 menneske i Genève, så byen er ikkje så veldig stor. Til gjengjeld er Genèvesjøen den nest største ferskvassjøen i Sentral-Europa. Små taxibåtar går i rute på sjøen, og det er lagt til rette for bading og småbåtliv. Det er òg mange som går eller joggar langs sjøen, eller finn seg ein stad å slappe av.

9. juni: ILO – for varig fred

8-timarsdag, arbeidstilsyn, tariffavtale og sjukepengar er kanskje sjølvsagt for oss. Men slike gode kjem ikkje av seg sjølv, nokon har arbeidd for det!

ILO (International Labour Organization) vart stifta i 1919, i ruinane etter 1. verdskrigen. Organisasjonen er tufta på tanken om at ein berre kan oppnå varig fred gjennom sosial rettferd.

På denne tida var industrialisering og urbanisering kome langt i store deler av verda, men vilkåra for arbeidarane var ofte dårlege. Fagforeningane var aktive, og revolusjonære straumar gjorde seg gjeldande. Ei internasjonal regulering av arbeidsvilkår ville gje arbeidarane eit betre liv, og slik kunne demme opp for revolusjonar. I tillegg fekk ein sikra like konkurransevilkår for handel mellom landa. Det var såleis både sosiale, politiske og økonomiske argument for opprettinga av ILO.

Som den einaste bygger denne FN-organisasjonen på trepartssamarbeid. På konferansen som ILO held i Genève kvart år møter to representantar for regjeringa, ein for arbeidsgjevarane og ein for arbeidstakarane i alle medlemslanda. Dei andre styrande organa har færre medlemmer, men er samansett på same måten. Dette gjer at partane må samarbeide for å få fleirtal, ingen kan få vedteke noko med berre sine eigne stemmer.

ILO vedtek konvensjonar og rekommandasjonar, som medlemslanda pliktar å følgje. Konvensjonane er mest bindande av desse, og handlar om mange av rettane vi kjenner frå det norske arbeidslivet.

Åtte av dei vert rekna som kjernekonvensjonar, og set ein absolutt minstestandard for arbeidslivet. To handlar om retten til å organisere seg, to forbyr tvangsarbeid, to forbyr slavearbeid og to forbyr diskriminering. Medlemslanda ratifiserer (tek inn i lovverket sitt) konvensjonane i varierande grad, men alle skal respektere kjernekonvensjonane og rapportere inn til ILO årleg om korleis dei følgjer opp desse.

 

Blogger

Magnhild Hoddevik

Nestleiar Sogn og Fjordane