Rådgjevaren i framtidas skule

Når vi skal skape framtidas skule, må vi ikkje gløyme ein av nøkkelfunksjonane: rådgjevaren.

Publisert 03.02.2015 Denne artikkelen er mer enn ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon. +1år

Utdanningsforbundet har sett i gang eit forskingsprosjekt som skal få fram stemmene til rådgjevarane når det gjeld kva rolle dei har i ungdomsskulen og i vidaregåande skule. I denne studien har SINTEF, NTNU og IRIS intervjua 70 rådgjevarar frå fire fylker.

- Resultata frå studien er eintydige. Rådgivarane treng meir tid saman med elevane for å kunne utføre sine lovpålagte oppgåver på ein god måte, seier Utdanningsforbundets leder Ragnhild Lied.

Les heile rapporten her

Rådgjevaren – ein pedagogisk vaktmeister

Rådgjevaren er blitt ein pedagogisk vaktmeister som skal løyse alt av store og små problem. Samstundes er det satt av lite ressursar til dette avgjerande arbeidet. Studien viser at skoen trykker både framme og bake, og at rådgjevarrolla er i endring.

Mange rådgjevarar fortel at dei opplever at rolla har blitt meir samansett og at oppgåvene blir stadig meir utfordrande, og i mange tilfelle er ansvar og oppgåver ikkje tydeleg definert. Elevgruppa har blitt meir krevjande, og dei må handtere større og meir samansette psykososiale utfordringar. Dessutan opplever mange elevar at val av utdanning og yrke blir vanskelegare ettersom valmulegheitene har blitt større.

- For mange elevar har rådgjevaren ei avgjerande rolle på skulen. Når vi skal skape framtidas skule, må vi ikkje gløyme ansvaret og dei omfattande oppgåvene som ligg i rådgjevingstenesta, seier Lied.

Framtidas rådgjevar

Rådgjevarane skal arbeide med sentrale utdanningspolitiske prinsipp som førebygging av fråfall og omval, dei skal fremje likestilling, utjamning av sosial ulikskap, integrering av etniske minoritetar og rettleie om vidare utdannings og yrkesval. Det er også stadig fleire aktørar på banen som å ønskjer å påverke og samverke med rådgjevingstenesta, og som har forventningar til arbeidet som rådgjevarane gjer.

Evalueringar frå OECD peiker på sentrale manglar ved det norske rådgjevings- og karriererettleiings systemet, mellom anna knytt til kompetanse og kvalitetssikring. Vi ser også at spesielt karriererettleiing/utdannings- og yrkesrådgjeving har blitt ei viktig politisk sak internasjonalt, og ein viktig del av kompetansepolitikken nasjonalt.

- God rådgjeving bidreg mellom anna til å gje elevane grunnleggande kompetanse knytt til det å gjere val og bli kjend med egne interesser og mulegheiter – dette er ferdigheiter som er sentrale i eit livslang læringsperspektiv. Derfor meiner Utdanningsforbundet at rådgjeving og valkompetanse bør bli definert og opplevd som ein av skulens kjerneoppgåver i framtidas skule, seier Lied.