Lærarspesialisten – eit «halvhjarta» forsøk

Gjennom eit pilotprosjekt vil Torbjørn Røe Isaksen gi 200 lærarar spesialisttittel og omfattande oppgåver knytt til fagleg utvikling i kollegiet. Dei som blir peika ut som lærarspesialistar, skal få lønnstillegg.

Publisert 20.02.2015 Denne artikkelen er mer enn ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon. +1år

Tid til å utføre dei nye oppgåvene blir det derimot lite av:
Halvparten av lærarane får ingenting. Den andre halvparten kan bytte inn halve lønnsauken mot ein snau time mindre undervisning i veka.

Eg synest det er ein spennande tanke at lærarar kan få moglegheit til å spesialisere og fordjupe seg. Likevel har sentralstyret og eg sagt tydeleg frå om at ordninga til Isaksen ikkje er god nok. Vi kjem ikkje nærare spesialistkompetanse i skulen ved å gi nokre lærarar ny tittel og lønnstillegg. Særleg om dei ikkje ein gong får tid til å utvikle spesialistkompetansen eller drive fagleg kompetanseutvikling saman med kollegaer.

Kva ser vi eigentleg føre oss i staden for ordninga til Isaksen? Og kva er poenget med at lærarar skal ha ei spesialiseringsordning? Eg skal forsøke meg på nokre refleksjonar.

Alle som nokon gong har starta i ein lærarjobb, veit kor mykje læring som skjer gjennom sjølve yrkesutøvinga. Slik læring gjennom praksis er vanleg i alle yrke og slett ikkje noko unikt for lærarprofesjonen. Men det vi lærer gjennom lærarjobben, er faktisk unikt for oss lærarar.

Det finst mange ekspertar både i dei ulike faga og i generell pedagogikk, men det finst berre ei yrkesgruppe som har erfaring med å omsette dette i praksis i barnehage og skule.

Så blir spørsmålet kor synleg denne unike erfaringsbaserte kompetansen er for oss sjølv og andre. Er vi gode nok til å heve den erfaringsbaserte kompetansen opp på eit teoretisk nivå og ta han inn i kunnskapsgrunnlaget til profesjonen? Forvaltar vi kunnskapen som ligg til grunn for jobben vi gjer på ein god nok måte?

Eg trur vi vil styrke lærarprofesjonen om vi klarer å ta ein sterkare eigarskap til kunnskapsgrunnlaget for yrkesutøvinga vår. Eg trur vi gjer det mellom anna ved å løfte kunnskapen frå praksisfeltet inn i teorigrunnlaget til skulen og barnehagen. Derfor synst eg det er ein god tanke å lage ordningar som gir lærarar moglegheit til systematisk fagleg utvikling i eit samspel mellom praksis og teori.

Då eg praktiserte som lærar, var eg ikkje særleg opptatt av stillingstittel og karriereutvikling. Men som lærarar flest leita eg heile tida etter nøklar til å gjere ein betre jobb, til korleis eg kunne nå fram til elevane, skape motivasjon og fagleg og sosial progresjon. Derfor hadde eg truleg hoppa på moglegheita til å få tid og faglege ressursar til å fordjupe meg i eit didaktisk emne eg var spesielt opptatt av, og som var nært knytt til min praksis som lærar. Om andre lærarar i tillegg hadde hatt nytte av dei erfaringane eg gjorde meg, hadde det vore ekstra meiningsfullt.

Det er her eg meiner spesialistordninga til kunnskapsministeren sviktar. Den handlar i for liten grad om å utvikle ny kunnskap og i for stor grad om å peike ut «dei beste» og premiere dei med meir lønn.

Vi som er lærarar, må diskutere om profesjonen vår har bruk for systematisk fagleg spesialisering i praksisfeltet. Om svaret er ja, må vi diskutere kva for krav vi skal stille til slike spesialiseringsløp. Det må finnast tid, det er sikkert. Men det må også vere eit tydeleg fagleg løp som fører fram mot spesialistkompetansen. I enden av dette faglege løpet må det liggje ei fagleg vurdering. Og sist, men ikkje minst må det fremje samarbeid og erfaringsdeling blant lærarar.

For å komme fram til ei god ordning, er det vi lærarar som må starte debatten om korleis dette kan arte seg i praksis.

Artikkelen står på trykk i Utdanning nr. 4/2015.