2015

Vi står framfor eit år som kan medføre store endringar. Først og fremst kan det råke oss alle som privatpersonar at den økonomiske bobla som vi nordmenn har levd i i dei seinare åra, ser ut til å sprekkje.

Publisert 09.01.2015 Denne artikkelen er mer enn ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon. +1år

Medan innbyggjarane i alle dei andre landa i den vestlege verda har opplevd økonomisk krise i fleire år, har dei fleste her i landet surfa av garde på ei blanding av høg pris på olje og andre eksportprodukt, låge importprisar og låg rente. Fallet i oljeprisen, og det etterfølgjande fallet i kronekursen, vil kunne bety vanskelegare økonomiske realitetar for dei fleste av oss, men også for det norske velferdssamfunnet.

Dette er bakteppet når vi utover i året skal vurdere ei rad forslag til endringar i det norske utdanningssystemet og i arbeidslivet generelt. Når dette blir skrive, er det spesielt regjeringa sine forslag til endringar i arbeidsmiljølova som står på dagsorden. Unio, LO og YS har alle vedteke at dei vil protestere mot desse endringane med det sterkaste verkemiddelet dei rår over mellom tariff oppgjera: politisk streik. I sum betyr endringane meir usikre arbeidstilhøve, dårlegare betaling for arbeid utanfor normalarbeidsdagen og mindre makt til dei tilsette sine organisasjonar. Med andre ord, ein gåvepakke til arbeidsgjevarane. I mangelen på eit truverdig kunnskapsgrunnlag for forslaga, skuvar regjeringa dei svake som står utanfor arbeidslivet, framfor seg.

Kvalitet gjennom konkurranse ser ut til å vere ein av dei mest fundamentale ideologiske styrepinnane i vår tid. Det merkar vi ikkje minst i utdanningssektoren. For å kunne samanlikne resultat, i ein sektor der vi byggjer menneske, blir mange tilsette pålagt eit måle- og registreringsregime nesten utan grenser. I tillegg til at dette stel mykje tid frå kjerneoppgåvene og har ein lei tendens til å undertrykke dei allmenndannande måla for opplæringa, er måleresultata like usikre som dei vurderingane som blir gjort når ein prøveprestasjon skal plasserast på ein skala. Både nasjonalt og internasjonalt blir det brukt svært store ressursar på å produsere denne typen dokumentasjon av læringsresultat.

Forslaget om ny privatskulelov er også grunngjeve med at det vil betre kvaliteten på opplæringa at skular konkurrerer om elevane på grunnlag av resultat. Dessutan hentar ein fram igjen det retoriske knepet frå Kristin Clemet si statsrådstid og døyper lova om til «friskulelova». Alle veit at dette «frie» valet i hovudsak gjeld dei som bur i by og har foreldre med bøker langs veggane og pengar på bok. Dessutan fi nst det svært lite forsking som viser at denne typen konkurranse mellom skular fører til betre elevresultat. Tvert om, OECD sin statistikk viser at off entlege skular gjer det vel så godt som private når ein tar omsyn til elevane sin familiebakgrunn. Kanskje er det meir relevant å sjå på dei meir langsiktige verknadane av utdanning når ein skal vurdere kvaliteten, til dømes FN sin Human Development Report for 2014, der Norge rangerar på topp.

Både barnehagen og skulen er på full fart inn i ei rekrutteringskrise, trass i satsingar som Glød og Gnist. Både nasjonale og kommunale styresmakter verkar handlingslamma når det gjeld å møte krisa med eff ektive mottiltak. Ettersom det er dei nasjonale styresmaktene som kontrollerer dei økonomiske rammene for kommunesektoren, må dei ta hovudansvaret for å endre situasjonen. Lønnsnivået i sektoren ligg no på om lag 75 prosent av lønna til tilsette med same utdanningsnivå i resten av samfunnet. Samtidig argumenterer styresmaktene, på grunnlag av dårleg og feiltolka forsking, at talet på barn og elevar pr. tilsett lærar ikkje verkar inn på kvaliteten av opplæringa. Ein ny metastudie frå National Education Policy Center i USA konkluderer med at små elevgrupper har stor og varig positiv innverknad på elevresultat.

Og medan vi arbeider med desse og mange andre store og viktige saker som vil påverke kvaliteten på utdanninga og arbeidskvardagen for medlemmene, skal vi bu oss til landsmøte i november. Det møtet må handle om korleis vi skal kunne byggje ein enno sterkare organisasjon som kan vise styresmaktene andre vegar for utvikling av norsk barnehage og skule enn dei som styrer mot krise. Vi må overtyde dei om at aldri er det viktigare å satse på utdanning enn i krisetider.

Artikkelen står på trykk i Utdanning nr. 1/2015.