Leiarhjelpa – til hjelp og støtte for leiarmedlemmer

Berit Anne Halkjelsvik, t.v. Sissel Havre og Bente Schei Ystehede fra sekretariatet er noen av de som svarer lederhjelpen.
Frå venstre: Bente Schei Ystehede, Sissel Havre og Berit Anne Halkjelsvik frå sekretariatet, tre av dei som svarar leiarhjelpa. Foto: Eli Kristine Korsmo.

Leiarhjelpa tilbyr hjelp og støtte til leiarmedlemmer i faglege spørsmål om leiing, og har eksistert sidan desember 2008.

Tenesta «Leiarhjelpa» består i utgangspunktet av telefonteneste og moglegheiter for å kunne stille spørsmål skriftleg på nettet. På grunn av koronasituasjonen er telefonen for tida stengt, men ein kan skissere kort kva saka gjeld og be om å bli oppringt.  

Her kan du sende inn spørsmål til "Leiarhjelpa"

Gir råd og rettleiing

Intensjonen er å kunne gi råd og rettleiing, utan nødvendigvis å gi fasitsvaret. Leiarhjelpa kan vere ein samtalepartnar, til dømes i spørsmål og problemstillingar som gjeld prosessar rundt fagleg utviklingsarbeid i skule og barnehage. Vi kan også hjelpe til med å finne fram i lov- og avtaleverk, og med å avklare juridiske spørsmål knytt til lovverket.

Mange av spørsmåla vi får gjeld praktisering av arbeidstidsavtalane og tidsbruk. Spørsmåla gjeld også andre lover og avtalar som til dømes Arbeidsmiljølova, eller det kan handle om tilsetjingsprosedyrar eller rettigheiter ved omorganisering eller oppseiingar. Spørsmåla viser at våre leiarmedlemmer er opptekne av å handle i tråd med lov og avtaleverk, og dei ynskjer å ha eit godt samarbeidsklima på arbeidsplassen, og spesielt med den tillitsvalde.     

Vi får også spørsmål om eigne lønns- og arbeidsvilkår og rettigheiter som leiarar.

Barnehage- og skulefagleg kompetanse

Dei to som har hovudansvaret for Leiarhjelpa jobbar i seksjon for utdanning og forsking, og har barnehagefagleg og skulefagleg kompetanse. Men andre rådgjevarar i sekretariatet svarar også på spørsmål. Dette gjeld særleg frå seksjon for forhandling og seksjon for juridiske spørsmål.  

Leiarhjelpa handsamar ikkje einskildsaker, til dømes konfliktsaker der leiar er involvert som part. Tillitsvalt-apparatet tek seg av slike saker. Men vi kan gi råd om kven medlemmene kan ta kontakt med i lokallagsstyret eller i fylkesstyret.