Arbeidsgjevar har eit hovudansvar

Alle skal bidra til eit godt arbeidsmiljø utan seksuell trakassering, men arbeidsgjevar/leiar har hovudansvaret.

Dette seier både Likestillings- og diskrimineringslova og Arbeidsmiljølova mykje om. Her er noko av det som står i dei to lovene:

Arbeidsmiljølova § 4-3: (3) Arbeidstaker skal ikke utsettes for trakassering eller annen utilbørlig adferd.  (4) Arbeidstaker skal, så langt det er mulig, beskyttes mot vold, trusler og uheldige belastninger som følge av kontakt med andre.
Likestillings- og diskrimineringslova § 13 6. ledd: Arbeidsgivere og ledelsen i organisasjoner og utdanningsinstitusjoner skal innenfor sitt ansvarsområde forebygge og forhindre trakassering og seksuell trakassering.

Sjølv om arbeidsgjevar har hovudansvaret og skal sette i gong arbeidet med å forebygge og forhindre seksuell trakassering, er det viktig at tillitsvald og verneombod er med på laget.

Som forebyggande arbeid kan nemnast:

  • Sette temaet på dagsorden og vise at trakassering er uakseptabelt
  • Kartlegge faren for seksuell trakassering på arbeidsplassen
  • Snakke om kva tiltak som må til på arbeidsplassen for å forhindre seksuell trakassering og annan uakseptabel oppførsel
  • Vere tydlege på at trakassering ikkje er akseptabelt arbeidsplassen – lag til dømes reglar i fellesskap, som seier kva ein ikkje akseptere og kva som blir konsekvensane om nokon bryt reglane
  • Lage framgangsmåte for korleis ein skal seie ifrå/varslar om saker
  • Lage framgangsmåte for korleis ein skal handtere saker
  • Lag framgangsmåte for korleis ein skal ivareta den som opplever å bli  trakassert
  • Lage framgangsmåte for korleis den som har fått klage på seg for å ha trakassert vert følgd opp.

Det er alltid lurt å øve. Lag skrivebordøvelse der de tenker dykk at det har skjedd ei trakasseringssak. Korleis handterer dei forskjellege aktørane saka og følger opp dei involverte i saka? 

Dersom det vert varsla om eller meldt frå om ei sak:

Arbeidsgjevar har ansvar for å følgje opp saka. For å sikre ei best mogleg handtering av saka og dei involverte, er det avgjerande at gode retningslinjer og framgangsmåtar som er laga på førehand.

Les kva Arbeidstilsynet skriv om trakassering 

Likestillings- og diskrimineringsombodet kan og rettleie i saker om seksuell trakassering