Dette er leiaroffensiven

Leiaroffensiven er eit svar på landsmøtet sitt vedtak i 2015 om å sette i gang tiltak som vidareutviklar Utdanningsforbundet til å bli eit naturleg val for leiarar.

Last ned brosjyra Dette er leiaroffensiven

Dette er leiaroffensiven

Leiaroffensiven er eit svar på landsmøtet sitt vedtak i 2015 om å sette i gang tiltak som vidareutviklar Utdanningsforbundet til å bli eit naturleg val for leiarar. Leiaroffensiven har to hovudområde:

  • rammer for fagleg og pedagogisk leiing, ein leiarpolitisk offensiv
  • organisasjonsutvikling og leiarane sin plass i organisasjonen

Arbeid med ekstern og intern kommunikasjon skal støtte opp under dei to hovudområda.

Rammer for fagleg og pedagogisk leiing

Pedagogisk leiing er ein av dei aller viktigaste føresetnadene for utvikling av gode skular og barnehagar. Vi har eit overordna mål:

Leiarar i utdanningssektoren har gode rammer for fagleg og pedagogisk leiing.

Vi vil jobbe for:

  • Tid til pedagogisk leiing
  • Løn som samsvarar med ansvar og oppgåver
  • Gode moglegheiter for kompetanseutvikling, vidareutdanning og nettverksbygging
  • Rom for å kunne utøve profesjonelt skjønn
  • Støtte til leiarar i endringsprosessar

Det er utarbeidd eit eige leiarpolitisk dokument som utdjupar synet vårt på leiing og satsingsområda våre.

Organisasjonsutvikling

Vi skal klargjere ansvaret til dei ulike organisasjonsledda, og vi skal ta betre vare på leiarane som medlemmer, som arbeidstakarar og i leiarrolla.

Vi har samla alt du treng å vite om leiarmedlemmene sin plass i organisasjonen, ulike tilbod til leiarmedlemmer, møteplassar og tips til korleis leiarmedlemmene kan ivaretakast på best mogleg måte, i eit hefte. Vi oppmuntrar til strukturforsøk og erfaringsdeling. Organisering av leiarmedlemmer og tillitsvaldsordninga er område der strukturforsøk eller forsøksordningar på ulike nivå kan vere aktuelle.

Kommunikasjon og påverknadsarbeid

Korleis vi internt kommuniserer om leiarar, korleis vi omtalar leiarmedlemmene i ulike samanhengar og korleis vi står fram som ein organisasjon også for leiarar, vil vere avgjerande for å lukkast med leiaroffensiven.

Den viktigaste bodskapen er at leiarar i barnehage og skule høyrer til i profesjonsfellesskapet vårt. Samfunnsmandatet, målsettingane og profesjonsetikken er felles for barnehagelærarar, lærarar og leiarar.

Leiarmedlemmene i Utdanningsforbundet må samstundes bli meir synlege med påverknadskraft internt og med meningar og standpunkt eksternt. Leiarplattforma, nyheitssaker, leiarressursar på nettsidene og ei Facebookside for leiarane er nokre verkemiddel.

Lokalt er leiarretta arrangement og god oppfølging av den enkelte leiarmedlemmen viktig for at leiarane skal føle seg heime hos oss.

Utdanningsforbundets leiarplattform

Vi leiarar har eit særskilt ansvar for den faglege og pedagogiske leiinga. Dette er kjernen i leiaroppdraget vårt. Vi er tett på lærarane og kjerneverksemda. Oppgåva vår er både å støtte og stille krav til det faglege arbeidet. Vi skal rettleie, utfordre og involvere. Berre gjennom det gjensidig forpliktande samarbeidet kan vi realisere den gode barnehagen og skulen for alle.

Utdanning formar barn og unges liv, og gjennom det også framtidssamfunnet. Mykje står på spel. Det er difor profesjonsplikta vår å leggje vinn på å gjere godt arbeid.

Barnehagane og skulane blir best når dei er lærande organisasjonar der pedagogane i kollegiet utfordrar kvarandre i felles refleksjon og faglege diskusjonar. Vi samarbeider difor tett med dei tillitsvalde om dei kollektive læringsprosessane i barnehagen og skulen.

Som leiarar står vi i eit spenningsfelt mellom politisk styring og lokalt handlingsrom, der tolking og tilpassing av barnehage- og skulepolitikk er ei sentral leiaroppgåve. Vi har eit særleg ansvar for å følgje opp eksterne krav og samtidig sikre profesjonell yrkesutøving.

Vi er ein del av lærarprofesjonen. Samfunnsmandatet vårt er å fremje læring, utvikling og danning hos barnehagebarn, elevar og studentar. Vi har kompetansen felles, og vi deler oppdraget. Vi har kunnskap, vilje og evne til å vere leiarar i eit arbeidsfellesskap av medarbeidarar med ulik yrkes-, fag- og utdanningsbakgrunn. Vi står opp for kompetansen vår og understrekar den nødvendige balansen mellom tillit og kontroll, handlingsrom og styring. Når vi opptrer som fellesskap og har fagleg funderte grunngjevingar, vinn vi også tillit.

Leiarrøysta er ein viktig del av profesjonsrøysta. Vi tek eit særleg ansvar for å synleggjere leiarperspektivet både innanfor profesjonen og ute i samfunnet.