Føredrag torsdag 7. oktober med Kristin Sampson

Publisert: 13.09.2021

Utdanningsforbundet Ulvik inviterer alle medlemmar til føredrag og middag torsdag 7. oktober. Professor i filosof Kristin Sampson held innlegg om temaet Etikk i oppvekstsektoren.

I november i fjor måtte me utsetja føredraget me hadde planlagd med Kristin Sampson på grunn av koronasituasjonen. Me lar ikkje ein epidemi stoppa oss, så me prøver oss på nytt. Hald av torsdag 7. oktober - og hugs å melda deg på!