Årsmøtet 13. april vert digitalt

Publisert: 07.04.2021

Grunna nasjonale føringar vert årsmøtet 13. april gjort digitalt på Teams.

De som allereie er påmeldt treng ikkje gjera noko, de får tilsendt lenke til møtet på e-postadressa de er registrerte med på udf.no
 
Me veit at ein del som ikkje ynskte å delta fysisk i år gjerne vil delta no når møtet vert digitalt. De kan melda dykk på ved å senda e-post til [email protected] eller SMS til Eivind, 92253042.
 
Møtet byrjar klokka 18.00. Det er fint om de loggar dykk på frå klokka 17.30 slik at me veit at det tekniske fungerer og alle kjem seg inn.
Om de får trøbbel med innlogginga kan de ringa Sindre Roska på 958 03 332. Han er tilsett i Utdanningsforbundet og skal hjelpa oss med det tekniske denne kvelden.
 
Helsing Eivind