God jul og godt nytt år!

Publisert: 21.12.2020

En julehilsen fra Utdanningsforbundet Sunnfjord.

God jul og Godt nytt år!

Gode medlem, gode lærar i skule og barnehage, gode sunnfjording!

Eit spesielt år for oss alle, 2020 – Koronaen sitt år, er snart historie. Koronaen skal vi måtte slite med inn i det nye året også, men no med eit faktisk håp om å sjå enden på pandemien. Som lokallagsleiar er eg imponert over jobben lærarar i skule og barnehage har gjort dette året. Det er fleire som gir uttrykk for å vere slitne og det er forståeleg: Det har vore meir å gjere fagleg i og med fagfornyinga; dei pedagogiske utfordringane har vore større enn i eit normalår; de har vore mindre saman; de har måtta lære dokker nye digitale reiskap; de har måtta leve med uvisse i høve faren for å bli smitta og for skrekken med tanken på å vere ein smitteberar; -de har måtta møte foreldre som er stressa for sin eigen kvardag …. slik kunne eg fortsette lista! Ære vere dokker for jobben som er gjort i skule og i barnehage!

Etter denne innleiinga hadde det høvd godt med ein gratulasjon for eit godt lønnsoppgjer, men også her er det tungt i år. I det som skulle vere lærarane sitt år, vart det nesten ikkje lønn å fordele i det heile. Dette var ikkje bra! Men dei som brukte streikevåpenet erfarte at koronaåret var ikkje året for å streike seg til betre løn. Difor meiner eg at vi må akseptere at vi fekk ei meklingsløysing med KS. Det som ligg i protokollen er ikkje mykje, men det sikrar større konsensus om det faktum at lærarane har sakka etter i lønn.

Så over til noko som for meg som lokallagsleiar har vore ei glede. Utdanningsforbundet Sunnfjord har fått 40 nye medlemmar i haust. I sommar stod medlemstalet på 847 – no er det 887. Grunnen er nok at her er mange nye tilsette. Det gledelege er at dei melder seg inn hos oss! Takkar plasstillitsvalde for jobben de gjer, ikkje minst for å sikre eit organisert arbeidsliv.

Haustens store sak har vore Sunnfjord kommune sine økonomiske utfordringar og skulestruktur. Kommuneadministrasjonen sette dei kortsiktige økonomiske vanskane i saman med dei langsiktige utsiktene til elevtalsutviklinga i kommunen. Det vart lagt fram ein plan for bruk av skulane i 12-15 år framover med radikale endringar. Vi trur det er lurt å sjå og planlegge i dei lange perspektiva, men blir ein for konkret vil det ha nokre uheldige konsekvensar. Då politikarane korta inn horisonten og gjorde tiltaka mindre radikale synest vi det var fornuftig. Det gjorde det mykje enklare for oss å få fram våre synspunkt til utviklinga av skulestrukturen. Men jobben er ikkje over, høyringsfristen er i januar og då skal vi levere lokallaget sitt svar. Dessutan skal barnehagestrukturen gjennom ein liknande prosess denne våren.

I vidaregåande skule går prosessane fram mot samanslåing til Førde vgs sakte, men sikkert. Diskusjon mellom utbyggar og byggherre av ytre rammer og økonomi gjorde at prosessen med utforming og detaljplanlegginga av bygget stoppa opp. Det er verkeleg spennande å sjå i kor stor grad dei tilsette blir høyrde. Så er det slik at å slå saman skular ikkje berre handlar om bygg. Her er «minst» to-tre ulike kollegium som skal finne tonen saman og bli til ein mest mogeleg felles kultur. Lokallaget har meldt seg på her, og laga eit eige råd for vidaregåande opplæring. I første omgang skal rådet vere aktive i dei prosessane for å skape ein felles kultur og samkjensle i kollegiet på den nye skulen.

Også i Utdanningsforbundet har hausten vore prega av samanslåing. I lokallaget starta vi allereie for eitt år sidan i felles lag – og eg opplever at vi er i gjenge. Koronaen gjer at vi ikkje har fått bruke så mykje tid som vi har ynskt til besøk og relasjonsbygging, så det må takast att. På fylkesplan har ein måtta starta opp det nye laget samtidig som koronaen. Vi har likevel vore heldige. Med nytt kontor som vi leiger av fylkeslaget si avdeling her i Førde, har vi god kontakt. For oss er den manglande kursaktiviteten, der vi kan bygge relasjonar med andre og skape ein felles kultur, likevel eit sakn. Det er ikkje tvil om at det er store ulikskapar i korleis dei to fylkeslaga har fungert – og kva forventningar og krav ein har til det nye fylkeslaget.

Tanken med denne helsinga var at det skulle vere ein liten rapport frå arbeidet i lokallaget. Eg har hatt gleda av å dele ut nokre gåver – for mange er nok dette om lag det einaste de har merka av min innsats. Eg håpar at nettet og matboksen blir flittig brukt. Om du opplever at trykket på matboksa blir stygt – så har eg reklamert og fått merkelappar du kan klistre over. Desse toler oppvaskmaskin og sit godt fast. Gi beskjed!

Vi har hatt for få møtepunkt med dokker som medlemmar i år – sjølv om vi var heldige og fekk avvikla årsmøtet som fysisk årsmøte. Håpet og planen er at vi skal klare å gjere det til våren og. I år klarte vi det med å vere tidleg ute – til våren planlegg vi å ha årsmøtet etter påskeferien – midt i april. Håpar du då ser verdien av å møtast til organisasjonspolitiske diskusjonar og relasjonsbygging over eitt godt måltid.

Med venleg helsing lokallagsleiaren:

Stig Jonny Fitje