Tankar i ei koronatid.

Publisert: 04.06.2020

Skrevet av Gunveig Slapgard Lein. Lest høyt på pensjonistlaget sin fredagskaffe. Delt med tillatelse fra forfatteren.

Gunveig Slapgard Lein fra Skogn skrev dette diktet til familien sin og leste det høyt på pensjonistlaget sin fredagskaffe. Vi har fått tillatelse til å dele og er glade for å kunne formidle en sterk historie som berører og gir håp.

_____________________________________________

Det var fint å bile heim etter møte med
ei kjærleg og omtenksam dotter på Levanger.
Lys i gatene. Lys attmed vegen. Opplyst på
Fiborgtangen. Lys gjennom Skogn.
Mange bilar med lys. Bensinprisen lyser
billigare.
Inga rullegardin å sjå. Lys over alt på tur
heim.

Nei det er ikkje mørketid som under krigen.

Og vi kan snakke og skrive det vi vil.
Vi treng ikkje vere redde for å høyre
skarpskodde støvlar ute på grusen utanfor
huset. Menn som kjem og vil hente ein far.

I landet vårt opplever vi ikkje bombing no.
Vi treng ikke gøyme oss i bomberom.
Vi har lys. Vi har mat. Vi har vatn.
Det som minner i koronatida om krigstida
er at vi veit ikkje når det ender. –

Eg var 9 år i april 1940. Det kom tyske
soldatar på folkehøgskolen vår
Og eg spør far: Når reiser tyskarane og når
blir det fred?
Det tok fem år før freden kom
som ein fredeleg eksplosjon av glede!

8.mai for 75 år sidan.

To-tre månadar har vi no levd i uvisse.
Det er som april, mai og juni i 1940.
For dei som opplever sjukdomen,
død og sorg er det tungt.

Her i Levanger har vi det stort sett godt.
Eg ser utover bygda med åkrane
som skal gje mat til folk og dyr.
Ein god vår med ein rik haust er det vi treng.
Uår har vi ikkje opplevd på lenge.
Men vi treng meir forståing
av det som har verdi.
Kanskje har både vi og ungdomane våre hatt det
for godt.
Det er vanskeleg å møte motgang når ein ikkje
har prøvd det før.

Sjukdom har vi hatt i alle tider.
Tuberkulosen tok så mange liv.
Sanitetskvinnene fekk folk til å vaske
hender,
kaste spyttkoppane og arbeide for betre
hygiene.

Det er det over hundre år sidan,
tuberkulosen og andre sjukdomar har minka.
Farfar min døydde av tuberkulose, tæring,
som dei sa. Han vart 30 år 1903.
Klaga farmor? I sorg og kjærleik tok ho
seg av far min, 2 år, og søstrene på 4 og 6 år.

Bestefar hadde astma. Det var lite med
medisin.
Han hadde store plager.
Bestemor, tolmodig med sjuk mann.
Ho hadde sauer, det vart ull og ho strikka og
sydde til
15 barnebarn som trong kleder i ei
vanskeleg tid,

Og vi hadde foreldre som gav oss ein trygg
barndom
i ei vanskeleg krigstid.
Korleis heldt dei motet oppe?

Det var kjærleiken.
Kjærleiken til kvarandre og oss.
Kjærleiken til arbeidet med ungdom.
Kjærleik til landet vårt og folket.
Dei hadde både styrke, tolmod og tru.

Folkehøgskolen vår var som eit lite småbruk,
med hest, to kyr, griser og høner.
Og det var for til det. 6 mål med potet, og
grønsaker attåt,
om lag 50 frukttre, og mange bærtre.
Det hjelpte far å halde skolen i gang i fire år i
krigstida.
Fisk, sild og tran fekk vi frå slekta til mor
i Kristiansund der dei dreiv med handel.
Foreldre til elevane gav kjøtt no og då.

Vinteren 1944-45 vart skolen okkupert
til born frå Laksevåg, etter den forferdelege
feilbombinga.
Dei fekk mat og skole. Mange hadde sorg
over å ha mista sine kjære.
Korleis fekk dei hjelp for sine traumar?

Jubel var det frå mai 1945 og langt utover!
Så kom avisene med oppslag om
konsentrasjonsleirane,
og 6.august small atombombene.

Kvardagen kom. Det var mykje å bygge
oppatt med kjærleik.
Finnmarkingane reiste nordover til ruinar
med pågangsmot
Korleis vart det med skolegang og utdaning
etter 5 år?
Mange år var det rasjonering av ulike varer.

Freden hadde kome, og det gjekk nok
fredelegare enn mange ville tru.

Vi opplever ein vår i 2020 med mange
reglar.
Og naturen har ikkje vore som våren 1945.
Det regnar, snør, haglar og er for kaldt for
våronn.

Men vi har da motet!

Sommaren skal bli vår varme, gode
sommar!
Kjærleik og samarbeid skal hjelpe oss
framover!

Det har slektene før oss vist oss.

 

Tusen takk, Gunveig!