Skifte i leiinga av lokallaget

Publisert: 14.05.2020

I det digitale årsmøtet blei det valt ny leiar og HTV.

Når nåverande lokallagsleiar og HTV går av med pensjon 1. august, er det Stefan Moen Søfting som overtar. Han er for tida AT/klubbleiar ved Risvoll skule i Saudasjøen, og har tidlegare hatt styreverv i Utdanningsforbundet Sauda. Anne Irene Saua blei gjenvalt som nestleiar og vara-HTV. Det kommande styret er godt samansett av kvinner og menn med bra representasjon frå dei ulike medlemsgruppene - valkomitéen ved leiar Liv Eldrid Andersen har gjort eit godt arbeid.

Det var knytta spenning til gjennomføringa av årsmøtet i Teams og GoPlenum. Men dei 18 årsmøtedeltakarane blei losa trygt gjennom denne månelandinga av Tor Mygland og staben i fylkeslaget.

Nå har de digitale årsmøtene startet